Luster: Kinnfokfjellet (23.07.2022)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Berge (368m)
Endpoint Berge (368m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 16min
Distance 13.1km
Vertical meters 1,070m
GPS
Ascents Kinnfokfjellet (1,406m) 23.07.2022 11:58
Visits of other PBEs Børesteinen (986m) 23.07.2022 11:57

Vi overnatta på campingen i Luster. Det var som vanleg stor underhaldning. Vi fekk opp teltet i ein fei og sette oss i bilen med øl og potetgull. Verdens minste kommentatorboks. Ein motorsyklist som likna på Diogo Dalot, ein nabo i campingvogn som likna på Jan Erik Aalbu, eit nyforelska par som aldri hadde satt opp teltet og måtte ha hjelp av ein kar. Ja campingplassar er moro. Og når då Aalbu inviterte oss over på ei øl slik at kona slapp å prate meir med han vart det ein minneverdig kveld. Han kunne berette om veien til Berge der vi hadde tenkt oss neste dag. Her var det visstnok skilta PRIVAT VEG d lux, men eigaren på toppen er annleis innstilt og her kan ein parkere mot lita avgift.

Det var med ei viss spenning vi kjøyrde mot Berge neste dag. Kroksleiven sa kjøyr og gje faen! Vi passerte det eine skiltet som opplyser om parkering ved omsorgssenteret, så såg vi ingen fleire skilt. Passerte ein bonde i traktor (som helste fint). Det var han på toppen som gjerne vil sjå folk og ha 50 kr i parkeringsavgift. Parkeringa er merka og det er skilt om Vippsing. Slik situasjonen er no pr 2022 vil eg anbefale å kjøyre opp og betale parkeringa med glede.

Stien oppover til Børesteinen er veldig god og lett å følgje. Glimrande utsikt derifrå, men sjølve Børesteinen er ingenting. Dei fleste stoppar her, vi møtte ingen vidare. Innover mot Kinnfokfjellet er det særdeles lett og fint å gå. Trikset er å komme seg opp på ryggen. Sjå retursporet vårt, det var veldig bra. Fra Kinnfokfjellet er det merka mot Skjolden mm. No er eg usikker på om denne merkinga er veldig tydeleg, så her bør ein ha kontroll på kart og navigering på eiga hand. Totalt sett ein veldig fin tur til ein einsleg topp som vanskeleg lar seg kombinere med andre. Returnerte same veg, som dessverre er vanleg ved slike einslege toppar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.