Luster: Vanndalen rundt (22.07.2022)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vanndalen (1,060m)
Endpoint Vanndalen (1,060m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 13min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,400m
GPS
Ascents Myrhyrna (1,487m) 22.07.2022 10:14
Sørvest for Spørteggbreen (1,613m) 22.07.2022 11:43
Bogestellenosi (1,643m) 22.07.2022 12:58
Vangsen (1,757m) 22.07.2022 14:19
Geitanosi (1,318m) 22.07.2022 15:38

Det er rett og slett asfaltert veg heilt opp i Vanndalen. Flat, stor og god parkering med infotavle og merka ruter mot Vangsen og Myrhyrna. Glimrande for teltarar, bobilar og turgåarar. Vi fekk opp teltet, eit par halvlunka og potetgull før det var kveld.

Ruta over desse 5 toppane er bortimot ein klassiker. Det er heller ikkje spesielt langt/krevande osv. Vi starta med Myrhyrna, god sti og merking opp hit. Så vidare mot Spørteggbu, eller toppen bak då. Vi passerte eit par damer som skulle til Spørteggbu, dit kom vi aldri. Mengda med bilar på parkeringa auka voldsomt utover dagen, men vi møtte ingen andre før Vangsen. Her var det 2 familiar. Ein sveitsisk der alle hadde cowboyhattar, og ein bergensk der far med mange tatoveringar var den pratande og styrte showet. Ein triveleg kar som hadde mange, og fornuftige saker på hjertet. 2 tenåringsjenter var heldige og fekk være med foreldrene på dette eventyret. Vi sprang snøfelta nedover forbi bergensarane som låg og kravla i steinura. Så var det mot Geitanosi. Fann ein bratt nedgang der og så lett til topps på sti. Tilbake ved parkeringa møtte vi akkurat bergensarane og fekk ein siste godprat med dei. Ein skikkeleg fin tur i Jostedalen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.