Mellomdistanse pluss (20.07.2022)
Skrevet av ersystopo (Erlend Råheim)
Bestigninger | Drylleberget (1515moh) | 20.07.2022 |
---|---|---|
Dryllenøse (1510moh) | 20.07.2022 | |
Hundeknappen (1547moh) | 20.07.2022 | |
Skjenegge (1607moh) | 20.07.2022 | |
Skjenegge Nordvest (1575moh) | 20.07.2022 | |
Skjenegge sørøst (1594moh) | 20.07.2022 |
Opp til Utsikten, som fortener namnet sitt. God sikt, men disig og litt stille før stormen - stemning.
Vidare til Skenegge - dagens høgde- og vidt kjend utsiktspunkt, via nordvesttoppen (sjølvstendig).
Vidare ga ei fonn god nedstiging, so eg haldt 20-minutt-minus-syklus over til sørausttoppen.
No runda eg det lange, rare vatnet, her og etter ein heidundrande glissade på fonn.Fotturstien i nordenden var knapt synleg, og utover mot Drylleberget gjekk det og ein særs svak sti. Toppen er oppstykka, med nokre artige forvitringsfenomen.
Eg valde å gå rett nord for å nytte nye fonner og kome raskt ned på fotturuta. Mykje av terrenget er bra, men det er og nokre steinete parti. Fotturruta er litt til og frå.
Rundt vatnet i austenden og oppover mot Dryllenøse. Sikta mot vest forsvann raskt no. "Skynd dig, skynd dig, flyg som en hind ...". På toppen draup det, og snart sto sønnavinden med hardt regn rett i jakka.Det vert raskt framkomeleg vestover mot Hundeknappen, og eg tek sikte på ei fonn i nordaustflanken. Regnet stilnar og etter kvart. Etter den bratte fonna er terrenget oppstykka, og dette kombinert med effekten av ein del timar på tur med lite kalorier gjer at framdrifta over dei mange falske toppane vert dårleg, sjøl om det lysnar.
Eg drattar på bakenden på eit sva og fragmenterer bakplata på kamerafonen i eit enno finare mønster. Men til slutt var toppen der.
No er det glatt og laust ut mot vest, og vidare nedover kjem parti med blokkmark som krev konsentrasjon. Eg gjer eit dårleg vegval mellom to tjønn og brukar lang tid til fotturruta, som og her er til og frå. So går det lettare langs terrenget ned til vegen og Tyinholmen.
Meir blokkmark, mindre dyreliv enn på turen i Sletningsbu-segmentet for nokre dagar sidan. Litt større høgd, men truleg er det ein meir typisk Jotundekke-bergart her som gjev skilnaden med omsyn til omfang av stein i overflata.
Og enno ein gong måtte jobb-PC fram for å sile ned ei GPX-fil som ikkje lot seg laste opp. Grr.
User comments