Vindeggen og Urdetjønnfjellet (16.07.2022)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 47min
Distance 16.5km
Vertical meters 1,035m
GPS
Ascents Urdetjønnfjell (1,139m) 16.07.2022
Vindeggen (1,516m) 16.07.2022

Vi starta frå Vindsjådammen ca kl 1200 etter lang køyretur frå hytta i Langlim. Etter å ha sett over til Vindeggen i alle år frå Rust, hadde eg innsett at turen t/r frå Åmotsdal er for lang, og difor køyreturen om Tuddal og Bondal. Vi følgde sti til oppunder toppen, tok så høgre stig opp ein egg, og deretter dal med mykje ur innover. Var litt i tvil om kvar vi skulle gå opp på platået, men møtte eit par nett der vi stod og lurte, og dei gjorde oss merksame på svak stig oppover. Heilt greitt. Topplatået var uventa fint, slakt hellande oppover mot varden. Raud kvartsitt som venta og mange fine rasteplassar, også ein der vi fann le på denne ganske blåsande dagen. Vindeggen bar slik sett namnet sitt med rette! Vi peila oss ut ein nedfart mot vest, som er ein mykje snillare kant å ta seg opp på enn frå aust der vi kom. Benjamin skar ganske rett mot Blanktjønnan der han bville overnatte i telt, medan eg runda tilbak rundt fjellet og kom tilbake på stigen ettekvart. Benjamin burde nok ha følgt med med meg og funne ein stig vestover, for strake linja mot Blanktjønnan var veldig kupert!
Då eg kom til Grunntjønn, bestemte eg meg til å gå oppom Urdetjønnfjell som er på Telemark 100 m pf-lista, og som ikkje ville vere så stor omveg i rett linje. Men det blei jo nokre ekstra hm. Fin topp, Urdetjønn bar også namnet sitt med rette, storsteina ur i nordvestre enden.
Brukte knappe 7 timar på turen med fleire fine stopp. 1035 hm, 16,5 km. Benjamin var med på halve turen. Må seie atdette landskapet gjer meg varm og hjartet. Utruleg nydeleg. Vi møtte ein kar som hadde lege i telt, eit par som gjekk frå hytte nede i hjartdal, og dessutan såg eg eit par på avstand som var på veg opp til toppen då vi var komne eit stykke ned. Dessverre ingen reinsdyr, som eg enda ikkje har sett i dette området.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.