Mælefjell (11.07.2022)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 8h 34min
Distance 15.3km
Vertical meters 953m
GPS
Ascents Mælefjell (1,413m) 11.07.2022 13:33
Mælefjell Sørøst (1,393m) 11.07.2022 14:52
Steinfjellet (1,398m) 11.07.2022 15:43

Tok av mot «Heksfjell», frå Sauland. Fyrst gjennom bustadfelt, så på grusa bomveg inn Slåkjådalen. Rufsete veg grunna arbeid med stikkrenner. I alt 14 km til Slåkjå. Overnatta i bubilen. Vurderte ruter, og valde den tryggaste på tur. Om lag hundre meter, og så rett ned på gruslagt veg. Så sti, og lange strekk med utlagt plank bortetter myrlendt område. Ved ei einskild hytte i skogen, på ope område, fann vi sti oppover langs elva. Då det flata ut sikta vi oss over myra langt nede, og så bar det bratt opp flanken. Det var berre å manøvrere etter beste evne. Nokon trakk innimellom. Her var det bratt. Over skogen var det fint terreng å gå i vidare. Så meir stein og opp langs fine vatn. Mykje flott lilla farge på dei større steinane. Etter mat-rast var det kjapt opp til toppen av Mælefjell, med stor varde. Har brukte vi tid. Storslått utsikt i alle retningar. Flotte Gaustatoppen i nord. Livleg terreng-utsikt, sidan skyene dansa med sola. Vidare bestemte vi oss for rundtur, og opp til Steinfjellet. Mykje stein, og det gikk smått. Valde å halde litt ned i botn og dalføre i retning Seljord, for å unngå største blokkene. Artig topp undervegs, Mælefjell søraust. Stor topp-blokk. Etter kvart kom vi til Steinfjellet. Litt foto, og så ned ryggen. Fann noko sti på retur nedatt. Gikk raskare no, når stein-verda var passert. Tok øvre sti på retur, då vi såg tydeleg kor den var. Nydeleg fin turdag i flotte fjell, og godt varmt sommar-ver.

Toppen i sikte.
Toppen i sikte.
Blokk-punkt aust på toppen.
Blokk-punkt aust på toppen.
Varden midt på topp-platået.
Varden midt på topp-platået.
Gaustadtoppen.
Gaustadtoppen.
Stor urd ned frå Mælefjell.
Stor urd ned frå Mælefjell.
Mot Mælefjell sørøst.
Mot Mælefjell sørøst.
Nederste rute frå start. Ikkje prøv på den stipla i midten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.