Vassdalsnipa (01.07.2022)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Duration 3h 11min
Distance 12.8km
Vertical meters 1,394m
GPS
Ascents Vassdalsnipa (1,429m) 01.07.2022

Mini-slektstemne på gang. Vi valde å leggje turen så langt vest som mogeleg. Det er ikkje nett nokon vanleg helgetur å gjere ting frå Gaularfjellet. Samstundes måtte vi vere framme før grillinga, og med ei tapt ferje og litt kvalitetsladetid i Sogndal såg eg at det spøkte for den større fleirtoppsrunden.
Opphaldsvér, ganske heitt, og nokre møtande turgåarar på stien frå vegen mot Sværaskaret. Turboka i skaret synte at helvta av dei heitte Råheim til etternamn. So close, yet so far.

Sonen Amund den Uflidde ved Skarsvatnet
Sonen Amund den Uflidde ved Skarsvatnet
Over osen, opp bekkedalen mot aust. Stor bregneskog, nokre sauetrakk utan samanheng. Det var freistande å skrå opp nokre snøflankar før tjørnet, og det fekk oss opp mot ryggen ganske tidleg.
No dominerte snøen, og gåinga i urd var avgrensa til nokre brattkantar. Toppvarden vart seint synleg. Her var det dramatisk bratt mot aust. Elles imponerte slottet Blægja og nære Johannesberg. For mykje dis til fjerne utsyn.
Sonen Amund den Uflidde på toppen.
Sonen Amund den Uflidde på toppen.

Her vart det vanlege ritualet for fyrste gong teipa på GoPro. Med forbod mot youtube.

Krigsråd. Vi tok same vegen ned att. Det tek nok ein god trekvart, kanskje time meir å ta med de to andre hundremetersjølvstendigane, so vi valde folkeskikk og grill.

Grisen var god på grillen i Viksdalen, og Muga er ein så brutalt god raudvin at eg måtte ta ned ølkvoten for å få plass til nokre dråpar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.