Klatrekurs i Uskedalen (27.06.2022)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Alpine climbing
Map
Visits of other PBEs Eikedalen (600m) 27.06.2022
Vetletindveggen (300m) 27.06.2022

Denne veka var det duka for praksis på DNT Fjellsportgruppa i Bergen sitt Grunnkurs i fjellklatring. Opplegget med kurset, som gikk over 6 dagar, var at deltakarar utan klatreerfaring skulle få ein kickstart i leding på eigne sikringar over fleire taulengder. Eit tilsvarane kurs har blitt beskrive her

Det var oppmøte i downtown Uskedalen mandag, der eg møtte dei 9 deltakarane. Vi var tre instruktørar og 2 praktikantar, så her skulle det bli god oppfølging!

Væreldingane var ganske gode for starten av veka og vart berre bedre og bedre ettersom dagane gikk. Etter litt handling gikk vi opp til basecamp i Eikedalen, der vi skulle vere eit par dagar. Eg hadde tatt med det store og xtremt solide familieteltet grunna frykt for vind. I tillegg hadde eg byrja på ei god bok rett før kurset - som også var ganske tjukk. I tillegg til masse klatreutstyr så vart det ganske tungt oppover bakkane. Jammen bra eg hadde knekt tannbørsten i to for å spare vekt.

Innmarsj, *pust pes
Innmarsj, *pust pes

Eikedalen er ein fin fjelldal med flotte granittveggar. Det vart stort sett klatring frå morgen til kveld - mandag, tirsdag og torsdag vart det terping på sikringar, standplassrutiner og rappell. Onsdag var det føringstur der eg fekk med meg to av deltakarane på tur opp ruta "På riss og tvers" 5 tl grad 5. Sistelengda inkluderte ein frisk offwith, så ganske imponert av at dei klarte å svømme seg opp her. I det heile tatt gikk deltakarane frå 0 til 100 på tre dagar, og dei fleste fekk køyrt seg i skarpenden allerede på dag 4.

Trivelig i fjellet
Trivelig i fjellet
Rappell in the making
Rappell in the making

Torsdag rusla vi tilbake til sivilisasjonen, og tok inn på campingen i Uskedalen sentrum. Her vart det tid til grilling, eit bad, og litt leskedrikk, før vi budde oss til langturen dagen etter.

Også i Kvinherad går sola ned
Også i Kvinherad går sola ned

Fredag skulle alle i veggen på Vetletindpillaren. Første gong eg er i Uskedalen - flott vegg! Minner om gamle gode Cannon Cliff i New Hampshire, berre 3 gongar så høg og brei.

Eg skulle ha med meg to karar på Bob Roger (3tl, grad 5) så kanskje vidare opp to taulengder til opp til andre rampe. Men på innsteget måtte den eine gi seg - han var ikkje i form. Då vart det berre eg og Aune (21) frå Bergen på tur. Han hadde klatra ein del før men ikkje på eigne kilar. Derimot hadde han forlest seg på faren sin sitt klatrebibliotek frå tidlig 80-tal, noko som hadde gitt han ein djup skepsis mot moderne sikringsmidler, og ei forkjærligheit for piperøyking.

Opp her!
Opp her!

Aune køyrde på opp første femmarlengda, og sette både mikrokilar og liknande. Ingen problem og snart var det standplass.

Vi er i gang!
Vi er i gang!

Så då tok han like greit andre lengda også (3+) før eg leda den litt lause lengda til første rampe. Her vart det nokon parti med klyving, før vi tok lunch. Vi hadde god tid, og tok difor dei to neste lengdene også - som er ein del av ruta "Hvorfor er ikke dette loddrett". Første tok eg - ein litt bratt femmar opp eit nydelig dieder, så litt diverse til stand. Neste var ein femmar som Aune tok, opp flotte riss og blokkterreng, før ein kort transportetappe til andre rampe.

Her tok vi to rappellar på bolta anker tilbake til første rampe, som vi kunne gå tilbake til bakken. Flott tur i nydelig vegg!

Første rappell
Første rappell
Vetletindpillaren til venstre. Vi var vel omtrent halvvegs opp
Vetletindpillaren til venstre. Vi var vel omtrent halvvegs opp
Klemknutar!
Klemknutar!

På ettermiddagen kom regnet, og kvelden var prega av sosiale tiltak.

Summen var at morgenen etter var lufta gått ut av gruppa. Kanskje ikkje så rart sidan veka hadde vore smekkfull og dagen før ganske lang. Sidan regnbygene lurte passa det fint at campingen hadde ein litt shabby leikeplass med eit gammalt reiestativ. Perfekt for kameratredning. Så det tok ikkje lang tid før heile gjengen hang i kvart sitt tau og prøvde å kome seg opp og ned - med litt varierande hell.

Så var det avslutning, og lang køyretur tilbake til Stårheim via noko som kjendest ut som verdas lengste fjordsafari rundtom i Hardangerfjorden og Sognefjorden, med innslag av utagerande synging for å holde seg våken gjennom Aurlandstunellen.

Kort sagt: sjukt imponert over alle deltakarane, og særs hyggelige instruktørar Lars, Andrine, Kristine og Keith!

Men kanskje vel så imponerande som alle dei flotte klatrerutene i Uskedalen er denne VW-bussen som låg langt opp i skogen under veggen. Korleis kom den hit? Practical joke frå 330-skvadronen?
Men kanskje vel så imponerande som alle dei flotte klatrerutene i Uskedalen er denne VW-bussen som låg langt opp i skogen under veggen. Korleis kom den hit? Practical joke frå 330-skvadronen?

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.