Steinkorsen og Blåfjellet (01.07.2022)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 48min
Distance 15.2km
Vertical meters 785m
GPS
Ascents Blåfjellet (791m) 01.07.2022
Steinkrossen (762m) 01.07.2022
Visits of other PBEs Steinkorshytta (733m) 01.07.2022

Det var meldt noko gråare vær framover og då er det om å gjere å nyte den siste ordentlige solskinnsdagen før gråværet kjem. Ei stund sidan eg har vore på dette Blåfjellet, så eg tenkte det var på tide. Turen er jo ein skikkelig gromtur med tanke på at det er berre å gå lenge og langt når ein først er komen opp på Steinkorsen. Og sola var med heile vegen. Hadde ein god pause på Blåfjellet der eg berre satt og naut sola. Traff på ein som såg ut til å planlegge overnatting på fjellet denne kvelden og lurte på korleis det gjekk med han sidan været skifta rett etter at eg hadde kome meg i hus.

Dagsturhytta i Naustdal med Heilefjellet i bakgrunnen
Dagsturhytta i Naustdal med Heilefjellet i bakgrunnen
Steinkorsen med Heilefjellet i bakgrunnen
Steinkorsen med Heilefjellet i bakgrunnen
Litt vanskeleg å sjå, men det er ei rype
Litt vanskeleg å sjå, men det er ei rype
No er det berre å nyte den siste godværsdagen på ei stund
No er det berre å nyte den siste godværsdagen på ei stund
Heilefjellet frå Blåfjellet
Heilefjellet frå Blåfjellet
Utsikt nordover mot Keipen
Utsikt nordover mot Keipen
Det er om å gjere å sette pris på dei naturopplevingane ein kan.
Det er om å gjere å sette pris på dei naturopplevingane ein kan.
Frammarsvikstølen
Frammarsvikstølen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.