Topptur frå Brekko (20.06.2022)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Dyranuten (511m) | 20.06.2022 |
---|---|---|
Gloppenuten (630m) | 20.06.2022 | |
Gloppenuten aust (636m) | 20.06.2022 | |
Hamafjellet (464m) | 20.06.2022 | |
Haslefjellet (484m) | 20.06.2022 | |
Hatlefjell (486m) | 20.06.2022 | |
Persafjellet (444m) | 20.06.2022 | |
Stakksheia (424m) | 20.06.2022 | |
Stølsheinuten (446m) | 20.06.2022 |
Gloppenuten
Først tur opp til Gloppenuten via grusveg og tydelig sti opp til Gloppenuten. Turen er ca 5 km kvar veg, og går via Storavatnet og opp på ryggen på Gloppenuten austfrå. Det er to topper oppe på ryggen som ser tilsynelatande like høge ut, men ifølge detaljkart er den austre toppen 5-6 m høgare enn utsiktstoppen på Gloppenuten. Ned igjen same veg. Totalt 5t inkl lange pauser.
Dyranuten og nabotopper
Tok deretter ein meir krevande terrengtur over skogstoppane vest for Brekko. Tok av lysløypa ved vestenden av Litla Foretjørna og fulgte ein skogsveg litt nordover og så på sti merka "rød løype" litt ut i terrenget, men denne løypa er ingen toppturløype så måtte gå vidare stilaust opp til Haslefjellet. Først på utsiktstoppen med trigpunkt, og så på høgaste toppen lenger nordvest. Fulgte ryggen vidare vestover i kupert terreng over Stakksheia og Persafjellet til Dyrauten. Retur austover igjen til Hamafjellet og nordover til Stølsheinuten som eg nådde i kveldssol før skoddaskyene trakk inn. Gjekk ned rett austover ned til vegen på vestsida av Madlandsvatnet, vidare ein drøy km opp til Brekko. Totalt 5t inkl korte pauser på toppane.
User comments