Toppraid ved Sunnmork St. Hans (23.06.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Aust for Fisketjørnhommen (814m) 23.06.2022
Holmaknuten (831m) 23.06.2022
Vest for Høgavatnet (789m) 23.06.2022
Kuhaugen (812m) 23.06.2022
Aust for Stølsskaret (727m) 23.06.2022
Vest for Stølsskaret (747m) 23.06.2022

Etter eit par fine turdagar i Rondane gjekk vegen heimover for overnattingstur til Sunnmork. Eg hadde tenkt lenge på denne turen for å få med meg nokre fine gjenverande toppar vestanfor Sunnmork og dermed lengst inne i Krøys. Etter ein lang kjøretur frå Valdresflya vart bilen etter kvart parkert på den vanlege staden ved Songesandvegen litt sør for Kåsastølen.

Planen var eigentleg å legga meg i teltet heilt inne ved Sunnmorkvatnet, men då veret tetna slik til og eg fann ein fin teltplass i nordenden av Kvednavatnet, la eg meg like godt til der. Men såpass som det regna i løpet av natta var det jammen ikkje sikkert at turen let seg gjennomføra etter planen. Det var jo liten vits i å få med seg desse toppane utan utsikt.

Skoddetung sommarkveld ved Kvednavatnet
Skoddetung sommarkveld ved Kvednavatnet

Då skodda hadde trekt seg heilt opp mot dei høgaste toppane morgonen etter, var det med lett sinn eg pakka dagstursekken og tok fatt på stien mot Sunnmork. Det var alt langt på dag kl. 0935, men det hadde heller ikkje vore vits i å vera tidlegare ute pga. skodda.

Turen inn til Sunnmork gjekk på kjend sti på ¾ time, og eg følgte det bratte draget beint vestover frå nordenden av vatnet, slik me gjorde på langturen vår hausten for to år sidan. Vel oppe av det brattaste partiet drog eg meg litt sørover og gjekk beint på 814-toppen aust for Fisketjørnhommen som var dagens første mål. Her toppa eg ut etter 1 ½ time på tur, og til flott utsikt over dalføret Buene og Krokavatnet nordanfor, men også vidare mot Kuhaugen og Holmaknuten der eg skulle. Her oppe hadde eg selskap av ein klagande heilo.

Lysare morgon ved Rundatjødna med Hardhausen dominerande, men skodda ligg ennå over dei høgaste toppane
Lysare morgon ved Rundatjødna med Hardhausen dominerande, men skodda ligg ennå over dei høgaste toppane
Ved Sunnmorkvatnet med Kvelvaknuten kjennesleg bak til venstre
Ved Sunnmorkvatnet med Kvelvaknuten kjennesleg bak til venstre
Sunnmork var busett som fjellgard på 475 moh heilt til 1860-åra
Sunnmork var busett som fjellgard på 475 moh heilt til 1860-åra
Utsikten åpnar seg vestover mot dalføret Buene med Bergeheia og Krøysaheia
Utsikten åpnar seg vestover mot dalføret Buene med Bergeheia og Krøysaheia
Mot same tjødna og Buene. I bakgrunnen sjåast Krokavatnet flankert av Krøysaheia og Svartatjørnsknuten
Mot same tjødna og Buene. I bakgrunnen sjåast Krokavatnet flankert av Krøysaheia og Svartatjørnsknuten
Om lag same utsikt frå 814-toppen aust for Fisketjørnhommen
Om lag same utsikt frå 814-toppen aust for Fisketjørnhommen
På 814-toppen med utsikt mot Kuhaugen og Holmaknuten
På 814-toppen med utsikt mot Kuhaugen og Holmaknuten

Kuhaugen var ikkje noko stort å skriva heim om, anna enn den flotte utsikten mot Songesandstølen og topprekka på Songesandheia sør for Skurvedalen. Då såg eg meir fram til å koma meg vestover mot Høgavatnet, og etter ein matbit kom eg meg gjennom eit par kuperte og småkrevande urdsøkk og opp i skardet sør for Bergeheia. Her åpna det seg som venta flott utsikt vestover, bl.a. til den navnlause toppen vest for Høgavatnet som eg hadde gleda meg lenge til å koma opp på, ikkje minst pga. utsikten.

På Kuhaugen med utsikt mot Holmaknuten
På Kuhaugen med utsikt mot Holmaknuten
Mot Songesandstølen ved Stølatjødna. Bakanfor sjåast Songesandheia med Kvelvaknuten til venstre
Mot Songesandstølen ved Stølatjødna. Bakanfor sjåast Songesandheia med Kvelvaknuten til venstre
Mot Fisketjødna og Krokavatnet bakanfor
Mot Fisketjødna og Krokavatnet bakanfor
Eit av urdsøkka eg måtte tråkla meg gjennom
Eit av urdsøkka eg måtte tråkla meg gjennom
I skardet sør for Bergeheia med utsikt mot toppane vest for Høgavatnet
I skardet sør for Bergeheia med utsikt mot toppane vest for Høgavatnet

Og turen opp gjekk veldig greit, sør om Høgavatnet og via eit lite hakk. Det er ikkje ofte eg nedprioriterer sjølve toppen framfor utsikten, men denne gangen tok eg ein god runde rundt toppunktet på sørsida for å få med meg den flotte utsikten over Storekvæven, som var heilt nytt bekjentskap for meg. Saman med Steinfjellet og Stortjødna, Gamlestølsknuten og Store Gamlestølstjødna var utsikten eineståande vakker, i alle fall i mine auger. Og her er ein sanneleg lengst inne i nedbørsfeltet til Jørpelandsvassdraget. Sjølve den vardelause toppen vart nådd etter 2 ¾ timar på tur.

Høgavatnet med Bergeheia til høgre. Høgavatnet på 729 moh er høgstliggande kjelda til Jørpelandsvassdraget
Høgavatnet med Bergeheia til høgre. Høgavatnet på 729 moh er høgstliggande kjelda til Jørpelandsvassdraget
På veg opp på den navnlause toppen vest for Høgavatnet, og utsikten åpnar seg mot Storekvæven og Steinfjellet med Stortjødna og Skivatnet i bakgrunnen
På veg opp på den navnlause toppen vest for Høgavatnet, og utsikten åpnar seg mot Storekvæven og Steinfjellet med Stortjødna og Skivatnet i bakgrunnen
Frå same staden mot Uraleitet/Holmaknuten
Frå same staden mot Uraleitet/Holmaknuten
Flott overblikk over Storekvæven med Store Gamlestølstjødna. I bakgrunnen sjåast Stortjødna, Skivatnet og bl.a. Gamlestølsknuten til høgre
Flott overblikk over Storekvæven med Store Gamlestølstjødna. I bakgrunnen sjåast Stortjødna, Skivatnet og bl.a. Gamlestølsknuten til høgre
Fornøgd på den navnlause toppen vest for Høgavatnet, med vatnet og Bergeheia i bakgrunnen
Fornøgd på den navnlause toppen vest for Høgavatnet, med vatnet og Bergeheia i bakgrunnen

Planen vidare var å få med meg Holmaknuten, som sjølv om han ikkje har nokon imponerande primærfaktor, er eit landemerke og dessutan ligg svært avsides lengst inne i Krøys. Det var bare det at skodda som hadde letta frå dei høgaste toppane for lenge sidan, nå drog seg litt nedover att. Men eg tok retning mot Uraleitet og vidare sørover til topps på ½ time utan at skodda vart noko problem. Som venta var det flott utsikt frå dette sluttleddet på ryggen, både rett ned mot Tvaravatnet og kringliggange toppar, men også mot Holmatjødna og Steinfjellet frå ein rygg litt vestanfor toppunktet. Skikkeleg kjekt å endeleg vera her!

Inga tvil om at Uraleitet er eit høveleg navn!
Inga tvil om at Uraleitet er eit høveleg navn!
Toppvarden på Holmaknuten, lengst inne i Krøys. Her må ein helst vera to om ein vil opp på flyttblokka
Toppvarden på Holmaknuten, lengst inne i Krøys. Her må ein helst vera to om ein vil opp på flyttblokka
Mot Tvaravatnet, 786-toppen vestanfor og Nordafjellet i bakgrunnen. Lengst bak sjåast ein flik av Lysefjorden med Neverdalsfjellet
Mot Tvaravatnet, 786-toppen vestanfor og Nordafjellet i bakgrunnen. Lengst bak sjåast ein flik av Lysefjorden med Neverdalsfjellet
Mot Holmatjødna med Stortjødna og Steinfjellet i bakgrunnen
Mot Holmatjødna med Stortjødna og Steinfjellet i bakgrunnen
Frå same staden med utsikt mot Storekvæven, Store Gamlestølstjødna og Høgavatnet
Frå same staden med utsikt mot Storekvæven, Store Gamlestølstjødna og Høgavatnet

Returen gjekk ein liten omveg om skardet sør for Bergeheia og vidare etter kjend trase sør om Fisketjødna og 814-toppen. Eg skulle sjølvsagt fått med meg 786-toppen vestanfor Tvaravatnet, men sytte med turen fram og tilbake dit, så det får heller verta ein eigen tur frå Songesand og Bakken. I staden gjekk vegen tilbake til Sunnmork, der det vart skotørk og herleg pause etter om lag 5 timar på tur.

Frå Uraleitet med utsikt mot Storekvæven og Store Gamlestølstjødna. Og for den som er kjend i Jørpelandsheia, er det mange kjenneslege silhuettar i synsranda
Frå Uraleitet med utsikt mot Storekvæven og Store Gamlestølstjødna. Og for den som er kjend i Jørpelandsheia, er det mange kjenneslege silhuettar i synsranda
Nedstigning mot Sunnmork med Åsliknuten dominerande
Nedstigning mot Sunnmork med Åsliknuten dominerande

Etter retur tilbake til teltet i nordenden av Kvednavatnet og om lag 15,5 km, 800 hm og 6 timar på tur, vart det tid til endå ein strekk og real-middag på stormkjøkkenet. Både nå og ved frukosten hadde eg hatt topp underhaldning av ein fossekall som fauk i skytteltrafikk forbi teltet mitt fram og tilbake til Hommabekken som kjem frå Lokråna. Det var nok mellom reiret og matfatet han fauk slik, men eg er usikker på i kva ende reiret var. Av andre faunainnslag denne dagen kan nevnast ei oppskremd orrhøne med ein eller fleire kyllingar og ei like oppskremd rugde.

Tilbake ved teltplassen i nordenden av Kvednavatnet
Tilbake ved teltplassen i nordenden av Kvednavatnet

Men det var endå mykje att av dagen, og eg tenkte å få med meg dei to toppane ved Stølsskardet óg. Eg tenkte først å ta med meg sekk og oppakning tilbake til bilen via toppane, men fann ut at det var enklare å gå tilbake til bilen litt sør for Kåsastølen først.

Etter retur drygt 1,5 km tilbake til bilen og bytte av sko og sekk, kjørte eg 1 km vidare og parkerte like etter brua over bekken frå Kvednavatnet. Her var planen å koma meg opp på den lågaste toppen austanfor Stølsskardet først, så ta ned i skardet og få med meg den høgaste toppen vestanfor. Som tenkt, så gjort, og trass tung, bratt og stilaus bushing om lag 3,5 km og 350 hm, var det heile unnagjort på 1 ½ time kl. 1850. Då kom eg ned att på Songesandvegen 400m nedanfor bilen.

Bratt oppstigning mot toppen aust for Stølsskardet med utsikt mot Songesandvegen og Lysefjorden med bl.a. Helmikstølen på denne sida og Kallali på andre sida
Bratt oppstigning mot toppen aust for Stølsskardet med utsikt mot Songesandvegen og Lysefjorden med bl.a. Helmikstølen på denne sida og Kallali på andre sida
På toppen aust for Stølsskardet med utsikt vestover Kvednavatnet
På toppen aust for Stølsskardet med utsikt vestover Kvednavatnet
Mot austenden av Kvednavatnet og Mørkebudalen med Kåsastølen
Mot austenden av Kvednavatnet og Mørkebudalen med Kåsastølen
Nedstigning mot Stølsskardet med toppen vest for skardet nesten samanfallande med toppen av Hardhausen
Nedstigning mot Stølsskardet med toppen vest for skardet nesten samanfallande med toppen av Hardhausen
Bratt nedstigning mot Stølsskardet med utsikt vestover Kvednavatnet
Bratt nedstigning mot Stølsskardet med utsikt vestover Kvednavatnet
På toppen vestanfor Stølsskardet med tilbakeblikk mot skardet og toppen austanfor
På toppen vestanfor Stølsskardet med tilbakeblikk mot skardet og toppen austanfor
Mot Storlitjødna
Mot Storlitjødna
Mot Kvednavatnet
Mot Kvednavatnet

Hadde det ikkje vore for ein absolutt avtale finversdagen etter, skulle eg hatt endå ei natt i teltet her inne, men dette fekk vera topp utbytte for denne gang. Og at det var ein fin-fin måte å feira midtsommar på, er heilt sikkert!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.