Høgefjellet - Fjaler komplett (19.06.2022)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Høgefjellet (676m) | 19.06.2022 |
---|
Dagens andre tur og siste av toppane i Fjaler. No er lista komplett.
Eg er ikkje så veldig begeistra over å trampe inn på andre sine tun. Men eg fann ikkje noko anna rå enn å skjære bratt opp lia før det siste huset. Traff på ein meir eller mindre tydeleg sti og vidare ein traktorveg og så over på sti att. Den førte meg til Gamlestølen. Tok opp lia utan sti opp mot toppen. På retur traff eg på ein av eigarane på garden. Ho hadde ikkje noko i mot at eg gjekk over tunet, men dersom eg ville, så kunne eg følge traktorvegen ned til grusvegen nedafor øvste huset. Eg traff på både betre sti og traktorvegen på veg nedatt.
Kommentarer