Nibbeløpet (11.06.2022)

Skrevet av aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Turlengde 1t 52min
Distanse 20,8km
Høydemeter 1477m
GPS
Bestigninger Dalsnibba (1476moh) 11.06.2022

Spektakulær og seig halvmaratontrasé frå Geiranger sentrum til toppen av Dalsnibba. Flott arrangment og god bra heiagjeng i form av bobilturistar heile vegen til topps.

Lot ein ikkje heilt ukjent spanjol og reten av teten gå frå start og prøvde å finne eit leveleg tempo opp lia. Enda opp med å springe åleine heile vegen, og måtte kjempe hardt i motvinden før Djupvasshytta. Fekk plukka ei passering ein kilometer før mål og kom inn godt under målet på to timar. Hadde håpa på Topp 10, men mange sterke karar framfor sette ein stoppar for det. Får vel berre trene meir til neste år...

Løypa sett frå Ørnesvingen. Start i sentrum, og målgang på toppen av Dalsnibba, midt i biletet.
Løypa sett frå Ørnesvingen. Start i sentrum, og målgang på toppen av Dalsnibba, midt i biletet.
Målgang på toppen av Dalsnibba
Målgang på toppen av Dalsnibba

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.