Myrbærfjellet og nabotopper (15.11.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Engjafjellet (449m) 15.11.2012
Haugemork (425m) 15.11.2012
Myrbærfjellet (461m) 15.11.2012
Skiptingsknuten (334m) 15.11.2012
Skoreknuden (432m) 15.11.2012
Bjellandsåsen (332m) 15.11.2012 11:00
Svartetjødnåsen (412m) 15.11.2012 11:00

Fra E39 på Eide sør for Heskjestad tok eg av på fv 501 og kjørte ca 5 km til kommunegrensa mellom Lund og Sokndal. Det låg skodd nedpå fleire av fjella i området mens Skoreknuden var skyfri. Gjekk først opp på den frå sørenden av Ljosvatnet. Fulgte en traktorveg et kort stykke og så langs høgspentlinja som går gjennom et skar mellom dei to toppunkta. Var oppom vesttoppen før eg gjekk opp på den litt høgare hovedtoppen. Gjekk så ned igjen til Ljosvatnet og via en bomveg til Svaltjørna opp i nordaustsida til Myrbærfjellet. Einaste toppen i området som har ordentlig varde men det var ingen bok. Gjekk ned omtrent same vei herfra også og så gjekk eg opp på Engjafjellet sørfrå. Derfrå gjekk eg videre nordvestover ned i skaret sør for Djubetjørna og opp på 412-toppen kalt Svarttjødnåsen, før eg gjekk mot Haugemork. Høgaste topp her er ifølge ØK 1:5000 på 425 moh, men den er ikkje pf 100. Gjekk så ned nord for Kvivåg og kunne følge en veg nesten heilt opp til Bjellandsåsen som er en tvillingtopp. Var først på austtoppen der det står to små master. Ifølge ØK 1:2000 heter denne toppen Skiptingsknuten og har oppgitt høyde 334,5 moh og ser ut til å vere høgare enn Bjellandsåsen lenger vest. Var også oppom denne og her er det trigpunkt på 330 moh litt vest for og nokon få meter lågare enn toppen. Barometeret viste at toppunktet her er 2-3 m lågare enn Skiptingåsen og det såg også sånn ut med augemål. Kom ned igjen til garden Kvivåg og gjekk så ca 4 km på asfaltveg tilbake til Ljosvatnet. Brukte drøyt 7t på heile turen i et halvskya ver.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.