Ålfoten multisport 2022 (05.06.2022)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Andre besøkte PBE'er | Førdsdalen buldring (250moh) | 05.06.2022 |
---|
Super campingtur til Førdsdalen i Ålfoten med kjekke folk! Litt blanda vær, men nok sol til at det var topp stemning. Fisking, sykling, buldring og litt ymse.
Ungane var ivrige på buldringa, og vi gikk masse kjempefine ruter av ulik vanskegrad og høgd - heilt topp!
Etter mykje om og men og nokon turar i kjellaren kom eg meg opp rissprosjektet eg oppdaga i fjord. Av mine finaste buldreopplevelsar - heilt rått! Devonrisset. Eg set 7A på dette sjølv om eg eigentlig ikkje heilt veit kva det bør stå i. Eg synest det var knallhardt, men risskompetansen er jo litt avgrensa. Uansett skikkelig fin rissklatring frå fingerlåsar til handjammar, overhengande med dårlige fottak. Fingrane kjennest ut som kjøtkaker i dag :-)
Takk for turen
Kommentarer
Jaja
Skrevet av kroksleiven 06.06.2022 11:59Kva du skulle opp på dinna steinen? Finst sikkert enklare måtar å kome seg opp på.
Sv: Jaja
Skrevet av kobbenes 06.06.2022 12:03Enklaste er å holde seg i senga og ikkje stå opp. Men kor kjekt er det?