Veten og Haugsteinfjell (05.06.2022)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 31min
Distance 15.5km
Vertical meters 865m
GPS
Ascents Veten i Bremanger (527m) 05.06.2022 14:05
Haugsteinfjell (681m) 05.06.2022 15:58
Huseheia (546m) 05.06.2022 16:43

Fantastisk tur til dagsturhytta frå Grotlesanden i Bremanger. Bratt, men flott sti opp fjellsida. Nådde fyrst eit lite platå på ca. 300 moh. Derifrå gikk ein dal opp mot høgre. Vi heldt rett fram, og opp ei kneik til. Då var vi oppe på eit platå, om lag 5 x 3 km. Landskapet var steppe-liknande. Mest gras, og runde former i terrenget. Annleis enn det meste eg har sett ute ved kysten. Det pleier å vere lyng, mose, stein. Etter å ha gått vidare i det flotte landskapet, nådde vi Vetehytta. Det stod ein enorm firkanta varde rett ved hytta. Har den vore nytta som vete-punkt ? Vi gikk oppom høgaste punktet på fjellet. Registrerte Veten som topp, som gav 66 meter primærfaktor. Etter ein pause gikk vi over heile det flotte steppe-landskapet til fjelltoppen Haugsteinfjell. Ein skikkeleg topp, sjølv om den er relativt flat. Sidan Bremangerlandet er ei øy, blir det bra med primærfaktor. Haugsteinfjell kjem i kategori over 500 pmf. Denne kategorien har eg nyleg byrja å samle på. Frå toppen gikk vi ei anna rute nedatt. Fyrst forbi ein fin støl, over ein rygg, og til Huseheia. Dette var ein nydeleg graskolle, og sauene kosa seg der. Ned frå heia, og på ATV-veg ned att til bygda. Då stod det att ein km å gå tilbake til parkeringa ved Grotlesanden. Takk for ei fin pinsehelg i Naustdal, Flora (Kinn), og Bremanger.

Grotlesanden.
Grotlesanden.
Dagsturhytta ved Veten.
Dagsturhytta ved Veten.
Aust mot vakre fjell.
Aust mot vakre fjell.
Marita på Haugsteinfjell.
Marita på Haugsteinfjell.
Stølshus mellom Steinfjell og Grøneheia.
Stølshus mellom Steinfjell og Grøneheia.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.