Vanylven: Botnaberget og Nystøylhornet. Pf 100 komplett (11.11.2012)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Hike
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Botnaberget (690m) 11.11.2012
Dalevarden (530m) 11.11.2012
Kraksethornet (459m) 11.11.2012
Nystøylhornet (600m) 11.11.2012

Dårlege meldingar på ettermiddagen, ok tidleg på dag. Ingen andre ville være med på dette prosjektet så kjøyrde avgarde åleine. Planen for dagen var 2 turar.

Tur 1: Kjøyrde til Syvden og vidare nordover på austsida av fjorden til Skor. Møtte ein eldre kar som var ute og trimma på sykkel. Meget pratesjuk og fortalde meg kvar eg burde gå. Gjekk sør for elva og fann ein sti der granfeltet starta. God sti oppover til det store myrområdet på ca 300 moh. Gjekk sørover mot ryggen og over punkt 550. Lett vidare til Botnaberget.

Tur 2: Kjøyrde til Hakkallestranda og opp sætreveg mot Sanvikdalen. Bomveg. Meldingane slo til, forferdeleg vind og mykje regn. Møtte ein trimmar som såg ut for å være glad for å være på veg heim. Skilta mot Nystøylshornet, god sti nordover. Tok av mot Dalevarden. Ingen tid til kos i dette veret. Snudde rett mot Nystøyslhornet. Skulle og ha med Kraksethornet, men no var veret forferdeleg, måtte verkeleg presse meg på denne. På retur mot bilen endelause myrparti som ein finn mange plassar i Vanylven. Myr, lyng, tuer, einerkratt og elende.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.