Norddal: Middagshesten (30.05.2022)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Middagshesten (1,376m) 30.05.2022
Visits of other PBEs Dyrdalsvegen (453m) 30.05.2022

Bomvegen til Rellingssætra var ikkje åpna enda, så då slapp eg velge utgangspunkt sjølv. Festa skia på sekken og traska innover til skilt med sti til Hatlestadsætra. Artig å tenke på kor mange på morssida av slekta som nok har vore på denne setrevollen oppgjennom. På med skia rett forbi sætra og opp sida på Nonshaugen. Runda neste haug som ga nokre høgdemeter nedatt til starten på sjølve hesten. Her var det i siste liten med ski i år, men heller ikkje fristande å klyve der det var bart, men det gjekk med bratt bauting. Forholdsvis tørr nysnø siste 100 høgdemeter.

Nedatt vart det djupslushfest i dei brattaste partia. For å sleppe gå over haugen eg kom over tok eg ned ei bratt renne der det meste var i bevegelse. Gjaldt å gi nok gass til at skia ikkje hekta på slushen som og ville være med ned. Fin topp med nydeleg utsikt til Storvasshornet!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.