Krakhellenipa (28.05.2022)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Alpine trip
Duration 4h 49min
Distance 11.8km
Vertical meters 753m
GPS
Ascents Krakhellenipa (568m) 28.05.2022 17:05

Fin tur i Solund. Plan var Dagsturhytta, men den laut vente til neste dag. Krakhellenipa med god primer-faktor freista fyrst. Turen vart lenger enn planlagt, grunna litt svak førebuing. Angreip fjellet visuelt ut frå kart-kvotar etter minnet, og etter dei visuelt nærast loddrette flellveggane oppover i mot. Då blei det inn dalen, og opp på fjellet, der det såg farbart ut. Det fungerte greitt det. Like under Mednipa, nådde vi vardar. Der såg vi ruta nedatt, som vart nytta. Men fyrst over fjellet etter solide vardar. Og det var naudsynt i dag, for skodda var tett bortetter oppå fjellet. Kom oss greitt til toppen. Sterk vind, og null utsikt. Retur tilbake over fjellet, og ned stien i bratta, som også var godt varda. Her bør ein ikkje gå feil. Fasinerande, sett nedanfrå, at det er mogeleg å ta seg greitt opp denne fjellsida, utan klatring. Det vart slik sett ein fin-fin rundtur. Og vi spara oss for ein ekstrem bratt tur opp da. Naturen her ute på øya er svært spennande, med fjell over alt. Flotte kontrastar.

Vi gikk inn dalen. Flott landskap.
Vi gikk inn dalen. Flott landskap.
Brattaste punkt på ruta opp.
Brattaste punkt på ruta opp.
Krakhellenipa, toppen.
Krakhellenipa, toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.