Neådalspiken, Neådalssnota og Storbekkhøa (22.05.2022)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 5h 44min
Distance 27.5km
Vertical meters 2,270m
GPS
Ascents Neådalspiken (1,297m) 22.05.2022
Neådalspiken N (1,288m) 22.05.2022
Neådalssnota (1,621m) 22.05.2022
Storbekkhøa (1,504m) 22.05.2022

Komplettering av Topper i Surnadal ≥ 100m pf.

Utfart av typen "planlagt impulstur" denne søndagen. Neådalspiken har vorte ståande som den siste som mangla i samlinga over toppar på "Surnadalslista". Med innlosjering på Oppdal og ei vermelding som plutseleg endra seg frå ganske trist til ganske bra, vart det (litt overraskande) muleg med ein tur for å få fullført lista.

Neådalspiken og Neådalssnota. Blant Trollheimens flottaste motiv
Neådalspiken og Neådalssnota. Blant Trollheimens flottaste motiv

Neådalspiken har ved fleire anledningar vorte passert på tur til og frå Neådalssnota, enten på grunn av tvilsomme snøforhold, store skavlar eller rett og slett på grunn av at turen har vore lang nok utan ytterlegare tilføyingar. Ruteføringa opp langs ryggen på sørsida var av relativt bratt karakter, men ikkje verre enn at det gjekk godt med ski på. Siste biten mot Neådalspiken N vart unnagjort med skia på sekken for å kunne halde godt klar av skavlen som heng på austsida. Ruteføringa ned på nordsida var heller ikkje så avskrekkande som eg hadde frykta, og dermed vart det relativt kort veg opp på Neådalssnota etterpå.

Ein skiløpar nede i dalen inn mot Neådalssnota. Store forhold i hjertet av Trollheimen
Ein skiløpar nede i dalen inn mot Neådalssnota. Store forhold i hjertet av Trollheimen
Utsikta frå toppen av Neådalssnota er blant det beste Trollheimen kan by på
Utsikta frå toppen av Neådalssnota er blant det beste Trollheimen kan by på

Nedkøyring frå Neådalssnota i mjuk mai-snø før ruta vart lagt via Storbekkhøa på returen. Nesten turens tyngste etappe i treig og våt snø, der det vart mykje staking for å kome seg på "rett" side av Storbekkdalen og vidare ned til Storligrenda.

Dagens turmål sett frå Storbekkhøa
Dagens turmål sett frå Storbekkhøa

Endeleg vart lista over toppar i heimkommunen fullført. Etter at "samlinga" for alvor tok til i 2019 har turmål av ymse karakter og lengde vorte prioritert, hovedsakleg som løpeturar med lett oppakning, der det delvis har vore eit mål å få med flest toppar per tur. Det er nok ikkje alle knappenålene som blir besøkt igjen, men at det finst toppar og turmål som ein lett kan anbefale vidare er det ingen tvil om.

Høgdepunkt undervegs:
Rundt Naustådalen
Søyådalen Seven Summits
Snota, Grøafjellet og Vassdalsfjellet
Snøfjellet via nordeggen
Skjerdingfjelltraversen

User comments

  • -
    avatar

    Neådalssnota ++

    Written by JoSo 23.05.2022 20:04

    Gratulerer med ei fin samling topper & komplett liste, Steinar!

    Veldig mye flott i vårt nærområde :)

    • -
      avatar

      Sv: Neådalssnota ++

      Written by aarvag 24.05.2022 11:33

      Takk for det, Johan!

      Samling etter lister er fin motivasjon for å gjere seg kjent i nye område og besøke delvis ukjente toppar. Neådalssnota vil definitivt bli besøkt igjen - ein favoritt både med ski og til fots!

      Framleis ein del som står att på andre lister som omhandlar nærområde og, så det er berre å snøre skoa når sommaren etterkvart kjem.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.