Toppane i Vongsa-massivet frå Ryggen (22.05.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Lokråknuten (804m) 22.05.2022
Vest for Urddalen (827m) 22.05.2022
Nord for Vongsatjørna (851m) 22.05.2022
Vest for Vongsatjørnane (875m) 22.05.2022
Litle Vongsen (856m) 22.05.2022
Store Vongsen (871m) 22.05.2022

Finaste åstida til fjells med snøfenner i skyggesidene, grønkande fjellbjørk og yrande fugleliv. Då passa det godt med tur i Vongsa-massivet, i den høgaste og austlegaste delen av området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Her ligg godbitane på rekke og rad, og med førsteklasses utsikt.

I flott ver gjekk turen frå Ryggen ved Songesandvegen til topps på (Store) Vongsen på 35 min. Alt her var det klart at massivet er overstrødd med steinblokker i ulik storleik og mengde. Frå Vongsen var det som venta framifrå utsikt, ikkje minst over det blikkstille Sandvatnet, men óg over dei nærliggande toppane eg hadde tenkt meg over. Ganske overraskande møtte eg ein annan kar her oppe, men ellers ingen andre på denne turen ein søndag føremiddag.

Toppen av Vongsen kjem til syne straks etter start frå Songesandvegen
Toppen av Vongsen kjem til syne straks etter start frå Songesandvegen
Mot Vongsen som er overstrødd med steinblokker, lik store deler av dette massivet
Mot Vongsen som er overstrødd med steinblokker, lik store deler av dette massivet
Mot dei ennå isdekte Vongsa-tjødnane og nabotoppane aust og vest for tjødnane. 875-toppen til høgre er høgaste punkt i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark
Mot dei ennå isdekte Vongsa-tjødnane og nabotoppane aust og vest for tjødnane. 875-toppen til høgre er høgaste punkt i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark
Frå Vongsen med utsikt austover mot Litla Sandvatnet og bl.a. Iglands-klubbafjellet til venstre
Frå Vongsen med utsikt austover mot Litla Sandvatnet og bl.a. Iglands-klubbafjellet til venstre
Panorama over det blikkstille Sandvatnet
Panorama over det blikkstille Sandvatnet
Mot Vongsa-tjødnane og nabotoppane aust, vest og nord for tjødnane
Mot Vongsa-tjødnane og nabotoppane aust, vest og nord for tjødnane

Vidare til sekundærtoppen nord for dei isdekte Vongsa-tjødnane gjekk det raskt på 20 min. og så vidare på 20 min. til hovudtoppen på 875moh vest for tjødnane, som óg er høgaste punktet i den lanserte nasjonalparken. Til å vera ein så prominent topp, må varden seiast å vera heller stusseleg, så den som ser syn på å reisa ein verdig varde, er hermed utfordra!

Frå toppen nord for Vongsa-tjødnane mot den ryggforma Litle Vongsen, som har fleire toppunkt
Frå toppen nord for Vongsa-tjødnane mot den ryggforma Litle Vongsen, som har fleire toppunkt
Mot vestenden av Sandvatnet med Maratangen og Pramstød. I horisonten ragar bl.a. Krøysaheia, Ternefjell og Reinaknuten kjenneslege
Mot vestenden av Sandvatnet med Maratangen og Pramstød. I horisonten ragar bl.a. Krøysaheia, Ternefjell og Reinaknuten kjenneslege
Mot 875-toppen vest for Vongsatjødnane
Mot 875-toppen vest for Vongsatjødnane
På høgaste punktet i den lanserte nasjonalparken
På høgaste punktet i den lanserte nasjonalparken
Tilbakeblikk mot dei to første toppane på turen, Vongsen og toppen nord for tjødnane
Tilbakeblikk mot dei to første toppane på turen, Vongsen og toppen nord for tjødnane

Frå hovudtoppen kom ein interessant ned- og oppgang via den fine Urddalen som ikkje var mindre overstrødd med steinblokker, bl.a. ei svær helle ovanom nordenden av tjødna. 25 min. etter hovudtoppen var eg oppe på ryggen vest for Urddalen, der det var fleire mulige toppunkt og ikkje minst framifrå utsikt. Særleg var utsikten flott sør på ryggen mot Hardhausen og Sunnmork.

Nedgang mot Urddalen og den flate ryggen vestanfor
Nedgang mot Urddalen og den flate ryggen vestanfor
Ved tjødna i Urddalen
Ved tjødna i Urddalen
På eit av fleire mulige toppunkt på ryggen vest for Urddalen med utsikt mot Hardhausen og ein flik av Sunnmorkvatnet
På eit av fleire mulige toppunkt på ryggen vest for Urddalen med utsikt mot Hardhausen og ein flik av Sunnmorkvatnet
Mot Maratjødna og Pramstød med Åsliknuten til venstre
Mot Maratjødna og Pramstød med Åsliknuten til venstre
Praktfull utsikt mot Rundatjødna og Sunnmorkvatnet med Hardhausen dominerande. Aller bakerst sjåast Lysefjorden i enden av Skurvedalen
Praktfull utsikt mot Rundatjødna og Sunnmorkvatnet med Hardhausen dominerande. Aller bakerst sjåast Lysefjorden i enden av Skurvedalen
Frå same staden med meir sørleg utsikt mot Kvednavatnet og brekket mot Lysefjorden
Frå same staden med meir sørleg utsikt mot Kvednavatnet og brekket mot Lysefjorden

I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å få med meg høgreiste Lokråknuten på tilbaketuren. Men slik han kneisa i søraust, var det eit lett valg å svinga nedom Lokråna og til topps, noko som tok 50 min. Vel her oppe var det kort veg 15 min. til topps på Litle Vongsen aust for Vongsa-tjødnane og så 30 min. tilbake til bilen.

I Lokråna med den ryggforma Litle Vongsen, som har fleire toppunkt
I Lokråna med den ryggforma Litle Vongsen, som har fleire toppunkt
Frå same staden mot Lokråknuten
Frå same staden mot Lokråknuten
Frå Lokråknuten mot den inste tjødna i Lokråna.  Me ser óg ein flik av den sørlege Vongsa-tjødna og toppane aust, vest og nord for tjødnane
Frå Lokråknuten mot den inste tjødna i Lokråna. Me ser óg ein flik av den sørlege Vongsa-tjødna og toppane aust, vest og nord for tjødnane
På veg til Litle Vongsen med tilbakeblikk mot Lokråna med Lokråknuten
På veg til Litle Vongsen med tilbakeblikk mot Lokråna med Lokråknuten
Frå den ryggforma Litle Vongsen mot dei isdekte Vongsa-tjødnane og nabotoppane i vest og nord
Frå den ryggforma Litle Vongsen mot dei isdekte Vongsa-tjødnane og nabotoppane i vest og nord

Dette vart ein skikkeleg kosetur på snaut 7,5 km, 700 hm og 3 ¼ timar; herleg vårstemning med fleire galande gaukar, to klagande heiloar, to rapande rypesteggar og ei orrhøne som brasa opp or krattet ved turstart.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.