Tåråfjellet og Høgeli (30.10.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Høgeli (527m) 30.10.2012
Høgeli Sør (524m) 30.10.2012
Høgeli Sørvest (526m) 30.10.2012
Tåråfjellet (826m) 30.10.2012

Parkerte ved Grønkjer skianlegg. Det kosta visstnok 50 kr i dagsparkering og eg tok med en giro fra en boks. Derfra gjekk eg ca 500 m vestover på hovedvegen og gjekk så på merka sti 6,3 km til Tåråfjellet. Det var bortimot 15 cm nysnø og eg mista stien noen plasser men fant den etter kvart igjen. Det var to postkasser med bøker på toppen. Fin utsikt over Notodden, og Gaustatoppen tok seg bra ut med sin pyramideforma profil sett herfa. Skyfri himmel første del av dagen men det skya etter kvart til frå vest.
Da eg begynte å gå ned igjen ringte mobilen og det var fra politiet i Notodden. Dei lurte på om bilen min var stjålet og forlatt der den stod. Dei dreiv visst med undersøkelser i ei hytte ved Grønkjer der ei kvinne blei drept i midten av oktober. Var ikkje klar over at det var der, men hadde sett det var ei hytte med knust rute og politibånd rundt.
Da eg kom tilbake var det aktivitet i skianlegget med tråkking av snø av en snøskuter med trommel etter seg, og noen trente langrenn. Såg ellers ut til å vere et fredelig område men det gjorde et visst inntrykk at et drap hadde funnet sted der.
Gjennom skianlegget går det en veg med låst bom til Storebråta 5 km mot nordvest. Det var trefninger der under krigen og to motstandsfolk blei drept ved ei hytte. Vegen var brøytt ca en km som eg sykla og så gjekk eg ca en km videre til Skjeggestul. Der gjekk eg vestover inn i skogen for å ta den lettvindte men litt kjipe skogstoppen Høgeli. Det hadde blitt mørkt men med nesten fullmåne og snødekt terreng var toppen likevel lett å finne. Var også oppom den litt lavere sørtoppen, i tilfelle fanteri med høydene på kartet. Tilbake ved skianlegget i 21-tida var lyset i lysløypa slått av og det begynte å snø sjøl om månen fortsatt var synlig gjennom skydekket. Fekk en flott og verdig avslutning på min sikkert siste Telemarkstur på ei stund.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.