Nordom Storligrenda (01.05.2022)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 8h 20min
Distance 39.9km
Vertical meters 3,045m
GPS
Ascents Gammelseterfjellet (1,084m) 01.05.2022
Kvannjolfjellet (1,127m) 01.05.2022
Neådalsfjellet (1,141m) 01.05.2022
Skardnebba (1,174m) 01.05.2022
Storbekkhøa (1,504m) 01.05.2022
Storslåa (1,000m) 01.05.2022
Tohatten (1,444m) 01.05.2022
Tverrdalsfjellet (1,279m) 01.05.2022
Tverrdalsfjellet Ø (1,089m) 01.05.2022

Lang første mai-tur over hittil ubesøkte toppar. Godt ver og tidvis tungt skiføre med bra mengder ny tørrsnø. Utover dagen vart tørrsnøen solvarma og våt, som ikkje gjorde jobben særleg lettare...

Truleg eit av dei mindre besøkte områda i Trollheimen, og ein godt egna stad for den som trivst åleine på tur. Mektig naturopplevelse i Neådalen der ei ørn lydlaust glei gjennom ein snødekt dal på jakt etter søndagsmiddag.

Retur via Storbekkhøa der det vart nedkøyring i bollen på søraustsida.

Snoter i fleng - Neådalssnota med Snota stikkande opp bak
Snoter i fleng - Neådalssnota med Snota stikkande opp bak
Mai, tørrsnøens høgtid. Fenomenalt fin nedfart frå Tohatten i retning mot Skardnebba
Mai, tørrsnøens høgtid. Fenomenalt fin nedfart frå Tohatten i retning mot Skardnebba
Ruta opp og ned Kvannjulfjellet. Særdeles god skikøyring på ein stad der det neppe er mange besøk i løpet av vinteren
Ruta opp og ned Kvannjulfjellet. Særdeles god skikøyring på ein stad der det neppe er mange besøk i løpet av vinteren
Ned på austsida av Tverrdalsfjellet - først langs fonna til høgre i biletet, og deretter ned mot Fallbekkvatnet
Ned på austsida av Tverrdalsfjellet - først langs fonna til høgre i biletet, og deretter ned mot Fallbekkvatnet
Dagens siste kunde på Storbekkhøa. Fekk endeleg køyrd ned i bollen på søraustsida, før det vart staking ut Storbekkdalen
Dagens siste kunde på Storbekkhøa. Fekk endeleg køyrd ned i bollen på søraustsida, før det vart staking ut Storbekkdalen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.