Leirnuten, Grønafjellet og Skorpa frå Krossvatn (23.04.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Grønafjellet (1,417m) 23.04.2022
Leirnuten (1,486m) 23.04.2022
Litlafjellet (1,236m) 23.04.2022
Skorpa (1,313m) 23.04.2022

Turdagen på Krossvatn-hytta opprann med heilt same godveret, men kan henda litt mindre av austavinden. Planen for dagen var å gå ein runde over dei gjenverande stortoppane over 1400 moh og gjerne få med oss nokre fleire. Kursen vart sett rett over Krossvatnet mot Litlafjellet der me gjekk lett til topps frå sør på ¾ time.

På veg mot Litlafjellet med Krossvatn-hytta i bakgrunnen
På veg mot Litlafjellet med Krossvatn-hytta i bakgrunnen
Mot Litlafjellet
Mot Litlafjellet
På Litlafjellet med Leirnuten ruvande i bakgrunnen
På Litlafjellet med Leirnuten ruvande i bakgrunnen

Etter ei bratt nedstigning på hard snø i vestflanken tok me fatt på høgreiste Leirnuten den naturlege oppgangen frå søraust. Me runda den bratte og snøkledde toppkruna og fann eit drag på nordsida som tok oss opp litt sør for toppunktet, så heilt til den kvitpynta varden. Då hadde me brukt 1 ¼ time frå Litlafjellet. Her på 1486 moh var det som venta førsteklasses rundskue, og stortoppane i Dyraheio var lette å plukka ut.

Oppstigning mot Leirnuten med Grønafjellet på andre sida av Leirdalsvatna
Oppstigning mot Leirnuten med Grønafjellet på andre sida av Leirdalsvatna
Fornøgd på vintralege Leirnuten, fylkets 16. høgaste fjelltopp
Fornøgd på vintralege Leirnuten, fylkets 16. høgaste fjelltopp
Utsikt mot Kaldafjellet og Steinkilenuten, som nesten går i eitt på bildet
Utsikt mot Kaldafjellet og Steinkilenuten, som nesten går i eitt på bildet
Utsikt mot Kringlenuten og Snønuten
Utsikt mot Kringlenuten og Snønuten

Vegen vidare gjekk austover i retning Steinkilenuten, der den eine av oss hadde ærend etter langturen frå Jonstølen i fjor. Me andre fann vegen ned i lia ovanom Leirdalsvatna, der me møttest igjen og det var tid for ein god pause. Då kunne me óg sjå den bratte søraustflanken på Leirnuten og alle dei stygge sprekkene mellom snøen og fjellsida; godt at me hadde runda ned langt aust for dette partiet!

Nedkjøring frå Leirnuten med utsikt mot Grønafjellet og Leirdalsvatna
Nedkjøring frå Leirnuten med utsikt mot Grønafjellet og Leirdalsvatna
Stygge sprekker i flanken under Leirnuten
Stygge sprekker i flanken under Leirnuten
Pause med utsikt mot Leirdalsvatna og Grønafjellet
Pause med utsikt mot Leirdalsvatna og Grønafjellet

Etter pausen kom me oss heilt ned på 1132-vatnet og starta på den lange oppstigninga mot den neste stortoppen, avsidesliggande Grønafjellet som denne dagen helst var kvitkledd. Me fann ein perfekt oppgang gjennom den breie dalen vest for Austra Laupet og runda greit opp på topplatået frå vest. Då hadde me brukt drygt 2 ½ timar frå Leirnuten medrekna pausen. Her var det fleire jamnhøge toppunkt, men det austre på 1417 moh var nok høgast, trass i at fjellbolten står på det vestre.

Oppstilling på 1132-vatnet med tilbakeblikk mot Leirnuten
Oppstilling på 1132-vatnet med tilbakeblikk mot Leirnuten
Oppgangen vår mot Grønafjellet
Oppgangen vår mot Grønafjellet
Mot den kvitpynta toppen av Grønafjellet
Mot den kvitpynta toppen av Grønafjellet
Oppstigning mot Grønafjellet med Steinkilenuten og Kaldafjellet som bakteppe
Oppstigning mot Grønafjellet med Steinkilenuten og Kaldafjellet som bakteppe
På toppen av Grønafjellet, her ved den vestre varden med fjellbolten
På toppen av Grønafjellet, her ved den vestre varden med fjellbolten
Fornøgd på Grønafjellet, fylkets 25. høgaste fjelltopp
Fornøgd på Grønafjellet, fylkets 25. høgaste fjelltopp

Her lengst aust i Dyraheio var det ny utsikt for alle, og det store Holmavatnet austanfor dominerte inntrykket i den retninga. Men me tenkte oss sørover til Skorpa, og fann ein grei nedgang i tilnærma påskeslush. Vel forbi 1152-tjødna i Grjotdalen var det tid for ein god pause att, og under ein liten hammar fann me livd for trekken. Etter kvart kom det snøbasert kaffi i koppen, og det var reint herleg å vera på tur. Men me måtte vidare og tok med oss sekkane til topps på Skorpa der me fekk ny utsikt mot bl.a. Heddevatnet i sør. Då hadde me brukt 2 ½ timar frå Grønafjellet medrekna pausen.

Nedkjøring frå Grønafjellet med utsikt mot Skorpa
Nedkjøring frå Grønafjellet med utsikt mot Skorpa
Frå same staden mot Holmavatnet austanfor
Frå same staden mot Holmavatnet austanfor
Mot Skorpa og Grjotdalen
Mot Skorpa og Grjotdalen
1152-tjødna i Grjotdalen og utsikt nedover dalen, heilt vest til Såta
1152-tjødna i Grjotdalen og utsikt nedover dalen, heilt vest til Såta
Frå same staden med tilbakeblikk mot Grønafjellet
Frå same staden med tilbakeblikk mot Grønafjellet
På toppen av Skorpa med utsikt mot Heddevatnet og karakteristiske Blåbergåsane
På toppen av Skorpa med utsikt mot Heddevatnet og karakteristiske Blåbergåsane

Me diskuterte ulike nedfartar til Krossvatnet, men landa på å renna ned i Grjotdalen att og prøva å finna den gamle steinhytta der. Denne var tydeleg markert både på kartet og med vardar i terrenget, og me fann henne 20-30 hm ovanom og like nord for den vesle tjødna nederst i dalen. Hytta var svært godt restaurert, og hadde ho ikkje vore tettpakka av snø, ville det bare vore å ta inn for kvelden. Me vart sitjande utanfor i sola og nyta stunda og filosofera over alt som kan ha hendt her opp gjennom hundreåra.

Ved steinhytta i Gjotdalen
Ved steinhytta i Gjotdalen
Tilbakeblikk mot Skorpa frå Steinhytta
Tilbakeblikk mot Skorpa frå Steinhytta

Frå steinhytta var det 1 km ned til Krossvatnet og den nye hytta ved Grjotdalsneset, og så 1,5 km over vatnet tilbake til hytta «vår». Her var me tilbake etter ein svært vellukka rundtur på om lag 18 km, 950 hm og 8 ½ timar, og denne kvelden fekk me sanneleg óg aleine i hytta. Som dagen før stod vårkåte rypesteggar for mykje av underhaldninga.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.