Lort-, Grynnings- og Nonshø (21.04.2022)
Written by simenee (Simen Einmo Engdal)
Ascents | Fremre Grynningshøa (1,482m) | 21.04.2022 |
---|---|---|
Øst for Indre Grynningshøa (1,415m) | 21.04.2022 | |
Indre Grynningshøa (1,468m) | 21.04.2022 | |
Lorthøa (1,344m) | 21.04.2022 | |
Lorthøa Nord (1,161m) | 21.04.2022 | |
Lorthøa Nordvest (1,261m) | 21.04.2022 | |
Nonshøa (1,529m) | 21.04.2022 |
Ein perfekt aprildag for uteaktivitet blei nytta i Storlidalen. Oppdalslosen hadde gode erfaringar frå området på sørsida av dalføret, og med eit litt småhissig skredvarsel den siste tida føltes det fornuftig å oppsøke litt slakare terreng. Med start frå Storlia parkering bar det innover og etter kvart oppover mot Grugguskaret, før vi tok austover og fekk registrert bestigning på ei lita handfull varianter av Lorthø. Vidare over toppen aust for Indre Grynningshø, før vi etter ein lett stakeetappe i spektakulære vinteromgjevnader forserte dei siste metrane opp til Fremre Grynningshø. Her bevilga vi oss ein lengre pause med framifrå utsikt ned til Ottdalen og over til Klingfjellmassivet. Framleis sol og ikkje eit einast vindpust - jakke, bokse og ka anna ein hadde pakka med i sekken fekk liggje urørt. Ny stakeetappe tilbake over Indre Grynningsdalsvatnet, og oppom Indre Grynningshø før Nonshøa blei forsert som dagens syvende og siste bestigning. Ned att via Grugguskaret med fin skikøyring i myk og solpåvirka snø.
User comments