Nova (23.04.2022)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turlengde 2t 41min
Distanse 8,0km
Høydemeter 416m
GPS
Bestigninger Nova (351moh) 23.04.2022

Eg var litt usikker på kor eg egentlig burde starte på denne turen. Og hadde planlagt å følge det eg trudde var ein traktorveg ( i alle fall såg det slik ut på kartet).
Fulgte grusveg og vidare på traktorveg. Men den som traktorvegen som var merkt på kartet fann eg ikkje, men eg fulgte det som såg ut til å være ein traktorveg. Fulgte kartet opp til Holten og såg at eg kom litt for høgt i terrenget. Gjekk vidare mot Storhellerhaugen og vidare opp mot Nova.
Då eg skulle nedatt fann eg ut at eg skulle prøve å finne den stien/traktorvegen som var merka på kartet. Det resulterte i krangling med ein haug med busker inne i skogen. Til slutt fann eg "traktorvegen" og rekna med at det var lett gange nedatt til bilen. Men... den gang ei. Det viser seg at denne vegen er godt gjengrodd og så og seie umogleg å bruke. Etter eit lite stykke fann eg ut at det måtte være enklare sti nede ved Kjosen. Og ettersom det ikkje var så frykteleg langt ned, så tok eg sjansen. Det var den Tronhjemske postveg.

Botnatjørna
Botnatjørna
Toppen er markert med ein liten stein
Toppen er markert med ein liten stein
Heilefjellet sett frå ruta ned frå Nova
Heilefjellet sett frå ruta ned frå Nova
Dette skal visst være ein sti (i følge kartet)
Dette skal visst være ein sti (i følge kartet)
Kjosen
Kjosen
Kjosen
Kjosen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.