Bergefjellet, Vikastakken, og offpist tilbake (23.04.2022)
Geschrieben von olgamariet (Olga Marie Torsvik)
Besteigungen | Bergefjellet (636m) | 23.04.2022 |
---|---|---|
Sør for Stølsvatnet (540m) | 23.04.2022 | |
Vikastakken (645m) | 23.04.2022 |
Nyyydelig vårvær, så her var det bare å ha nedtelling til helg og pakke sekken for langtur.
Me parkerte ved ballbingen i "Forsand turnaround", altså rundkjøringa midt i intet. Kudos til motorsagkunstneren som har laga Bukkene Bruse-verket bak bingen! Også var det bare å begynne pang på stigningen. Me var på ingen måte i tvil om hvor me skulle, og det liker eg godt med ein tur. Bergebakkane gjekk øve all forventning, når ein går i sprettende bjørkeskog i nydelig vårsol så går det meste liksom greit :)
Når det går bratt opp komme og utsikten fort, og her snakke me utsikt! "sånt no hakke de i byn, nei det har de ikke" (sang: Gøy på landet)
På Bergefjellet var det et annet par, som satt seg diskret bak ein knaus og drakk kaffi. Det var dei einaste me såg på heile turen, så dette er ein fin tur for alle som like seg aleine i fjellet.
Fra Bergefjellet busja me bort til antenna eller skiltet eller ka det no e, og på vegen traff me turens første hoggis. An var ikkje interessert i nåke vennskap, og forsvant fort. Personlig trives eg bedre med salamandere, som det og var mange av på turen, men kjekt å vere tett på naturen okke som. Nåken timer seinere skulle me og skremme opp ei stakkars Orrhøna som ikkje var veldig fornøyde med gjester.
Videre offpist ned mot stien ved vatnet. Litt lesing av kart og litt lesing av terreng, så gjekk det så fint atte. Greit å ha gått nåken meter utenfor merka løype før. Merka turløype videre mot neste og turens høgaste topp, så denne strekka gjekk fort. Nokså flatt er det og her, flott viddeterreng.
Vikastakken altså....hello! Elsk elsk elsk. Panoramautsikt som faktisk ikkje kan rettferdiggjøras på bilder.
Videre videre, fleire byer i Belgia Marius! Einaste aberet med denne turen var at eg hadde korte bukser på meg i anledning vår og sol. Temperaturmessig var det heilt supert, busjemessig var det ein gigatabbe. Daue einer og bare bein = eg ser no ut som ein viderekommen sjølskader.
Ellers er det gode dyretråkk store deler av veien, og dyrene skjønner koss ein skal komme seg ned fra ein skrent. Eller bratte stup, som det er fleire av. Have faith, og follow the smale sti, så går det heilt fint.
Det blei jo øve tusen høgdemeter fordelt på under 14 kilometer, men egentlig var det bare Bergebakkane som var krevende i mitt håve. Til gjengjeld synes eg at dei var like krevende på veg ned igjen, for likt som på Slogen så var siste snutt ned til bilen veeeldig lang.
Dei øvrige høgdemeterne var på ein meir leiken måte, som passer ei halvgammel og litt eventyrlysten husmor godt.
Benutzerkommentare