Draumedag til Storegrønut (15.04.2022)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Cross-country skiing
Duration 7h 15min
Distance 30.0km
Vertical meters 907m
GPS
Ascents Storegrønnuten (1,126m) 15.04.2022

Utruleg nydeleg dag. Tom sette meg av ved Breivatn. Eg venta på Erling og Anniken og tvillingane på Nordbøkriklan. Gjekk så saman til Homlitjønn der vi rasta. Gjekk så aleine vidare til Bjønnpytt og Vorvatn og opp til Storegrønut. Kjentfolk på toppen, og overraskande med folk i det heile tatt. Pleier å vere her aleine, men i dag var det fleire snøskutarar, trugefolk og skigåarar. Felleski og langrennsstavar fungerte greitt oppover på fast skutertrase, men heimturen blei krevjande. Særleg stykket frå Myklevatn over Ramåsmyran var vanskeleg. Dels frosne parti, dels roten snø, tynne ski og stavar utan trinser var ikkje optimalt. Det siste stykket gjekk i kjempetrått mildføre, der løypa var i oppløysing. Uansett: super dag, flott toppoppleving. Gjekk mesteparten aleine. 30 km, 7 timar og 15 brutto, 5 t 30 netto. 907 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.