Fjellskitur til Vestfjellet (11.04.2022)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 9h 30min
Distance 31.2km
Vertical meters 1,103m
GPS
Ascents Kabrettstaulfjellet Sørvest (1,066m) 11.04.2022
Kvar måndag i påskeveka går eg skitur med tremenningen min til det som i Langlim heiter Vestfjøllet. Det omfattar Kabrettstaulfjellet, Hovundfjellet med Storegrønut og området rundt Myklevatn og Vornuten. Denne måndagen starta vi ved Grendehuset i Langlim, gjekk Gullnesvegen ut til Sæli, så opp den bratte vegen til Nivelkinn og Søyleset. Derifrå opp til Bikkjekvæven, og så vidare opp på platået nord for Kabrettstaulfjellet. Der åt vi niste som i alle år - og hadde brukt ca tre timar på den dryge klatreturen opp. Også i rute i forhold til tidlegare år. Derifrå gjekk vi inn i den opne gryta vest for Kabrettstaulfjellet der det ligg ei fin tjønn, vårt favorittområde! Og derifrå gjekk vi opp på nuten som eg her har kalla Kabrettstaulfjellet, sørvest. Det kan hende denne nuten har eit anna namn, men det står ikkje noko på karta eg har til rådvelde. Dette er det første peakbookelementet eg har oppretta. Det var på tide! Denne turen har eg tatt mange gonger, og for første gong får eg altså registrert han!
Frå toppen gjekk vi nordover, forbi Mykletjønn, Kjerringtjønn, under Storegrønut, ned Flottin til Vorvatn, opp derifrå til Bjønnpytt og Myklevatn, og derifrå ned til Ramåsmyran, Nadremyran, Tjønntaul, Skomestaul og Røynbrekk. Vegen tilbake til Vinsvål og så jordene tilbake til Grendehuset. Hallgrim var med, 31,15 km, 9 timar og 30 minutt, 1103 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.