Stora Grånosi (11.04.2022)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 3t 04min
Distanse 8,9km
Høydemeter 648m
GPS
Bestigninger Stora Grånosi (1566moh) 11.04.2022 18:03
Andre besøkte PBE'er Vårparkering Snøveien (945moh) 11.04.2022 15:51

Rando-tur med Marita frå Vardahaug. Meldt trekvart sol, men den var synleg i områda nord og aust for oss. Mange kraftige drønn i snøen i dag. Såg sjølvutløyst ras ovanfor Vardahaug støl. Ikkje mykje over 30 g i brotkant. Bestigninga opp flanken på Stora Grånosi er mest 25 -27 grader. Vi valde å gå lenger ut i retning Bjørnen, før vi gikk mot toppen litt under toppryggen. Litt slakere terreng, og så unngikk vi den brattaste flanken, med mest vind-transportert snø. Retur same, og med noko mindre morro køyring enn om vi hadde køyrt rett ned flanken. Men sikkerheit fyrst. På returen frå toppkruna var det tett skodde, med sikt ca. 10 meter. Heldt spora. Like under toppkruna, vart det på nytt grei sikt. Dimt ned att frå sjølve fjellet. Betre vidare nedover med ein del skare. Morro i skogen med hærleg laus-snø.

Stora Grånosi.
Stora Grånosi.
Tønja-fjell i sol, bak Marita. Store og Vetle Grånosi. Skimtar Bårdshøgdi til høgre for dei.
Tønja-fjell i sol, bak Marita. Store og Vetle Grånosi. Skimtar Bårdshøgdi til høgre for dei.
Toppen. Kan det vere Grogon Vaktmester ?
Toppen. Kan det vere Grogon Vaktmester ?
Flatt eller bratt ?
Flatt eller bratt ?
Årdalsfjorden, og vi skimtar innløpet av Lustrafjorden.
Årdalsfjorden, og vi skimtar innløpet av Lustrafjorden.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.