Meldt fantastisk fint ver! Begge har fri og Inge har lenge hatt lyst på turen til Grovabreen. Det var ikkje mykje meir å lure på då :) Ein sånn dag i klarver og det skulle vise seg å være eit legendarisk silkeføre på ski heile turen. Då er ruta via Salsegga inn på Grovabreen ein innertier for utsikt og som ein fin rundtur. Har tidlegare tre fantastiske turer spesielt i minne av fleire turar til Grovabreen. Første turen min var ilag med Joar Eide herifrå Jølster som har inspirert meg til akkurat dette høgfjells livet. Sidan ein unik høgvintertur ilag med Stein Aasheim og Brit Siv Fimland ein 1 Nyttårsdag. Deretter ein strålande føringstur ilag med Torje Bjellaas & Brit Siv Fimland med mange fine element. https://peakbook.org/tour/303258/Grovabreen+ifr%C3%A5+J%C3%B8lster%21+Tur+med+heimelaga+bj%C3%B8rkeski....html Så Grovabreen betyr mykje for meg og gir mange fine minner som eg setter høgt. Minner i særdeles storslått natur i min bakgård eller kanskje aller mest framgård :) Flagget vart gløymt denne gangen! Drømmen om bjørkeski ifrå fjella under breen til Grovabreen ifrå føringsturen ilag med Torje Bjellaas på Vestlandsrevyen. ca 4.5 min ut i sendinga :) https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-vestlandsrevyen/201904/DKHO99041619/avspiller
Desse kontrastane her får eg aldri nok av <3 Det er stort å tenke på at ein kan nyte desse omgivelsane som ligg nokre minutter unna! Langt vekk ifrå ein anna verden av andre kontraster!!
Mot etterkvart det så svært populære skifjellet Olahansfjellet 1215 ifrå Myklebustdalen og Dvergsdalen med Jølstravatnet i bakgrunn og nesten til heimen i Sanddalen.
Mot markante Isvassnipa 1437 bakerst i bildet med minne om dei ypperst fantastiske nedrenn ifrå fronten og med Olahansfjellet 1215 like ved og framme i bildet til høgre. Eit populært skifjell har det blitt! :)
Kommentarer