Frå Sandvatnet til Målandsdalen på ski (26.03.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Hjelmen (765m) 26.03.2022
Jamnarheia (746m) 26.03.2022
Svartatjørnsknuten (797m) 26.03.2022
Tindafjellet (771m) 26.03.2022
Vardhusheia (761m) 26.03.2022
Visits of other PBEs Sandvassgjuvet (580m) 26.03.2022

Denne helga skulle me eigentleg vore på Krossvatn og fått med oss ein del toppar i Dyraheio, men med svært dårleg ver meldt på fredagen, måtte det bli ein god plan B. Etter den fine turen min i Lyngsheia tidlegare i veka, der eg hadde sett at det var fine snøforhold vidare vestover mot Krøys, kom eg på tanken om denne langturen frå Sandvatnet til Boremyr i Målandsdalen.

Då lørdagen opprann med stilt og fint ver, var det inga tvil, og med ein bil i kvar ende starta me frå høgaste punktet på Songesandvegen ved Sandvatnet. Tanken var å få med oss utvalde toppar og utsyn på den opptil 3 mil lange turen, og me rekna med å vera ute heile dagen. Etter å ha forsert ein rekordhøg brøytekant på nærare 1,5m la me enkelt turen oppom Jamnarheia, der me delte oss. To av oss ville ta Sandvassgjuvet i nærare augesyn, medan tredjemann ville få med seg Krostølfjellet.

Start frå Songesandvegen med rekordhøge brøytekantar
Start frå Songesandvegen med rekordhøge brøytekantar
På Jamnarheia
På Jamnarheia
Mannen og gjuvet I
Mannen og gjuvet I
Mannen og gjuvet II
Mannen og gjuvet II

Etter å ha studert det dramatiske gjuvet som truleg vart danna på slutten av siste istida, rann me ned til brua over utløpet av Sandvatnet og holdt god fart langs land heilt vest til Pramstød. Etter regnveret her oppe det siste døgnet var idyllen med fin snø på isen broten, og det freista ikkje å gå på vatnet sjølv om det garantert var sikker is.

I skardet mellom Krostølfjellet og Åsliknuten tok me ein god pause for å venta på tredjemann, og etter ei stund kom han kryssande nedetter lia. Etter ein matbit i samla lag tok dei to andre turen oppom Åsliknuten medan eg gjekk vidare mot Hjelmen som var nytt og spennande bekjentskap. Snaut 2 ½ svært makelege timar etter turstart stod eg på toppen av denne eksponerte ryggen og kunne nyta utsikten til alle kantar; like fin sørover mot Sunnmork, vestover mot Krøys og nordover mot Nystøldalen. Endåtil her oppe var det så stilt at eg ikkje trong ytterjakken, og det er inga overdriving å sei at det var høg stemning.

Slaraffenliv ved Pramstødleitet, skardet mellom Krostølfjellet og Åsliknuten
Slaraffenliv ved Pramstødleitet, skardet mellom Krostølfjellet og Åsliknuten
Med kurs mot karakteristiske Hjelmen
Med kurs mot karakteristiske Hjelmen
Mot Krostøldalen aust for Hjelmen
Mot Krostøldalen aust for Hjelmen
Mot Åsliknuten og Stemvatnet
Mot Åsliknuten og Stemvatnet
Frå oppunder Hjelmen med utsikt vestover mot Krøys med Svartatjørnsknuten, Bergeheia og Krøysaheia
Frå oppunder Hjelmen med utsikt vestover mot Krøys med Svartatjørnsknuten, Bergeheia og Krøysaheia
Frå same staden med utsikt sørover mot Sunnmork og Hardhausen
Frå same staden med utsikt sørover mot Sunnmork og Hardhausen
Høg stemning på Hjelmen!
Høg stemning på Hjelmen!
Ved utsiktsvarden lengst nord på Hjelmen med panorama over Nystøldalen
Ved utsiktsvarden lengst nord på Hjelmen med panorama over Nystøldalen
Frå same staden mot Krostøl og Veraheia
Frå same staden mot Krostøl og Veraheia

Vel nede ved sekken att vart det ny mat- og kaffipause, og snart var me samla lag. Herifrå var det svært spennande landskap, nå når me skulle kryssa Nystøldalen og koma oss opp mot Krokavatnet. Herifrå såg den solvende lia alt anna enn innbydande ut med urd og fjellbjørk, men før me kom så langt måtte me koma oss ned i dalen og over den åpne bekken. Ved å holda eit stykke nordover kom me greit ned i dalen, endåtil ein stad der bekken var snødekt. Etter å ha hatt på kortfeller hittil, kom langfellene på for den 100m relativt utfordrande stigninga i blautsnøen. Men med godt vegval gjekk også dette fint, og det var med spenning me kunne ta inn synet av Krokavatnet og Krøys herifrå, heilt nytt for oss.

Mot Svartatjødna og knuten ovanom, dit me tenker oss vidare
Mot Svartatjødna og knuten ovanom, dit me tenker oss vidare
Nede i dalen like nord for Svartatjødna med Hardhausen i synsranda
Nede i dalen like nord for Svartatjødna med Hardhausen i synsranda
Tidvis kriging opp bjørkelia mot Krokavatnet
Tidvis kriging opp bjørkelia mot Krokavatnet

Som venta var Krokavatnet likt Sandvatnet ikkje innbydande å kryssa, men det var heller ikkje planen. Den var nemleg å følga ryggen 3 km nordover til Tindafjellet, ein rygg eg vil tru er lite besøkt. Men først la me att sekkane og snudde nasen sørover for ein visitt på avsidesliggande Svartatjørnsknuten, som heller ikkje kan ha mange besøk å skilta med.

Krokavatnet med Krøysaheia og Nordnesknuten frå ein ny vinkel
Krokavatnet med Krøysaheia og Nordnesknuten frå ein ny vinkel
Med kurs for Svartatjørnsknuten
Med kurs for Svartatjørnsknuten

Det vart ein bratt og hard nordflanke å forsera i to etappar, men med litt kløkt og varsemd kom me oss opp på kvar vårt vis. Denne toppen hadde eg sett svært fram til å besøka fordi han stikk seg så fint fram, og utsikten skuffa på ingen måte. Det vart flott overblikk over Krokavatnet frå ein ny vinkel og ditto over dalføret Buene og Nystøldalen. Mellom Hjelmen og Svartatjørnsknuten hadde me då brukt makelege 2 timar med ein god pause.

Fint plassert grensevarde ovanom Krokavatnet. Det er i alle fall fire slike som markerer grensa mellom Hjelmeland og Forsand (nå Sandnes) mellom Bergeheia og Krostølfjellet
Fint plassert grensevarde ovanom Krokavatnet. Det er i alle fall fire slike som markerer grensa mellom Hjelmeland og Forsand (nå Sandnes) mellom Bergeheia og Krostølfjellet
Fornøgd oppunder toppen av Svartatjørnsknuten!
Fornøgd oppunder toppen av Svartatjørnsknuten!
På Svartatjørnsknuten med utsikt mot Nystøldalen flankert av Tindafjellet og Hjelmen
På Svartatjørnsknuten med utsikt mot Nystøldalen flankert av Tindafjellet og Hjelmen
Mot Buene med Bergeheia, Fisketjødna og 814-toppen aust for Fisketjørnhommen
Mot Buene med Bergeheia, Fisketjødna og 814-toppen aust for Fisketjørnhommen
Ryggen sørover mot 814-toppen aust for Fisketjørnhommen
Ryggen sørover mot 814-toppen aust for Fisketjørnhommen
Tilbakeblikk mot ruta vår heilt frå Songesandvegen med Stemvatnet og Sandvatnet dominerande
Tilbakeblikk mot ruta vår heilt frå Songesandvegen med Stemvatnet og Sandvatnet dominerande

Vel nede ved sekkane att gjekk vegen rakt nordover ryggen, som me visste ville by på ein del småkupert terreng. Dette holdt stikk, og inkludert kryssing av fleire tverrdalar med bratt og hard nordflanke brukte me 1 ¼ time til topps på Tindafjellet, der det vart ein god mat- og kaffipause i like flott ver.

På veg mot Tindafjellet, og det er endå ¾ time dit
På veg mot Tindafjellet, og det er endå ¾ time dit
Tilbakeblikk mot 661-tjødna i Grytehola og ein flik av Krokavatnet
Tilbakeblikk mot 661-tjødna i Grytehola og ein flik av Krokavatnet
Frå oppunder toppen av Tindafjellet med flott utsikt mot Krostøl
Frå oppunder toppen av Tindafjellet med flott utsikt mot Krostøl
Kvalitetstid av beste merke på Tindafjellet!
Kvalitetstid av beste merke på Tindafjellet!

Tida gjekk fort og sola dala, og me hadde ein litt ambisiøs plan om å få med oss Vardhusheia óg. Etter pausen gjekk vegen ned om Steinskardtjødna og nord for Svarefjellet før ein lang transportetappe sør om Brogavatnet og til topps på den flotte utsiktstoppen på grensa til Jørpelandsheia. Her kom me opp til flott rundskue og solnedgang kl. 18, bare 1 ¼ times gange frå Tindafjellet, noko som må vera godkjent tempo etter meir enn 8 timar på tur.

Nedrenn langs Tindafjelltjødnane med Reinaknuten i synsranda
Nedrenn langs Tindafjelltjødnane med Reinaknuten i synsranda
I fint driv forbi Svarefjellstjødna
I fint driv forbi Svarefjellstjødna
Vakkert kveldslys over Hildravatnet
Vakkert kveldslys over Hildravatnet
Lange skyggar ved sørenden av Brogavatnet
Lange skyggar ved sørenden av Brogavatnet
I kveldssol på sjølvaste Vardhusheia med utsiktsvarden i bakgrunnen
I kveldssol på sjølvaste Vardhusheia med utsiktsvarden i bakgrunnen

På Vardhusheia skilde me lag, ved at den sprekaste av oss fekk med seg Krunefjell óg, medan me andre tok strake vegen over Målandsheia til demninga i Sagåna. Her vart det ein siste velfortent mat- og drikkepause medan sola gylla Prammafjellet og sa takk for seg. Transportetappen dei siste 3 km ned til bilen ved Rv. 13 vart dryge i mørkna, og me kom oss ned på kvar vårt vis, delvis snødekt som vegen var.

Solnedgang over Bergeheia
Solnedgang over Bergeheia
Mot Målandsheia
Mot Målandsheia
Høg kveldshimmel over Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad
Høg kveldshimmel over Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad

Nokre få kvitkledde ryper og nokre gråsisikar i heia, og ei kvinkande kattugle ved Boremyr, var alt me såg og høyrde av liv. Og merkeleg nok var det ikkje ein einaste ravn å sjå. Det var heller ikkje folk å sjå denne flotte dagen utanom ved turstart, men turen gjekk óg for det meste i lite nytta terreng.

Fasit for dagen vart om lag 26 km, 850 hm opp / 1320 hm ned og 10 timar på tur i førsteklasses ver, førsteklasses landskap og med førsteklasses fjellkarar. Og det seier litt om veret at ytterjakken kunne bli i sekken heile dagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.