Åsliknuten og Krostølfjellet på ski frå Folkehjelpshytta (23.03.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Draget (686m) 23.03.2022
Krostølfjellet (793m) 23.03.2022
Åsliknuten (805m) 23.03.2022
Visits of other PBEs Sandvassgjuvet (580m) 23.03.2022

Med eineståande vermelding og snøforhold i Lyngsheia vart det endå ein spontan feriedag, og utruleg nok min første skitur her sidan ein skuletur tilbake på 80-talet. Planen var å prøva seg opp mot Sandvatnet og eit par av toppane der, i alle fall Krostølfjellet som eg hadde sett bort på frå Veraheia i haust.

Eg følgte skutersporet frå parkeringa ved Folkehjelpshytta til myrene sør for Kubbåsen, vidare langs 602-vatnet og opp til Sandvatnet. Det var fin snø på vatnet og garantert trygg is, så eg holdt god fart langs vestbreidda av vatnet med kurs mot Pramstød. Det var folk i ei av hyttene her, som eg óg møtte på Krostølfjellet seinare.

Oppe ved myrene sør for Kubbåsen og ferdig med stigninga frå Folkehjelpshytta
Oppe ved myrene sør for Kubbåsen og ferdig med stigninga frå Folkehjelpshytta
Ved 602-tjødna med Krostølfjellet bak til venstre
Ved 602-tjødna med Krostølfjellet bak til venstre
Langs kanten av Sandvatnet med Åsliknuten som første mål
Langs kanten av Sandvatnet med Åsliknuten som første mål

Etter ein snau times gange til Pramstød var det eit enkelt valg å prøva seg på Åsliknuten først, og med lett sekk gjekk det greit opp den bratte nordhellinga til stadig finare utsikt. 1 ½ time etter start frå Folkehjelpshytta kunne eg ta inn det flotte rundskuet frå den vardelause toppen, og det vart god tid til ein matpause. Overblikket var sjølvsagt veldig godt over Sandvatnet, men aller finast mot Nystøldalen og Krøys.

Tilbakeblikk mot Sandvatnet med Pramstød og Maratangen
Tilbakeblikk mot Sandvatnet med Pramstød og Maratangen
I oppstigninga mot Åsliknuten med utsikt mot Vongsa-massivet og Maratjødna
I oppstigninga mot Åsliknuten med utsikt mot Vongsa-massivet og Maratjødna
Straks på Åsliknuten med Krostølfjellet i bakgrunnen
Straks på Åsliknuten med Krostølfjellet i bakgrunnen
På den vardelause Åsliknuten
På den vardelause Åsliknuten
Massiv klovstein på toppen av Åsliknuten
Massiv klovstein på toppen av Åsliknuten
Frå Åsliknuten mot Stemvatnet, Nystøldalen og Krøys. Dei dominerande toppane er Hjelmen og Krøysaheia
Frå Åsliknuten mot Stemvatnet, Nystøldalen og Krøys. Dei dominerande toppane er Hjelmen og Krøysaheia
Meir sørleg utsikt mot topprekka frå Krøysaheia til Holmaknuten
Meir sørleg utsikt mot topprekka frå Krøysaheia til Holmaknuten
Frå eit punkt litt sør for toppen kjem Sunnmorkvatnet til syne
Frå eit punkt litt sør for toppen kjem Sunnmorkvatnet til syne

Etter forsiktig nedrenn var eg nede ved Pramstødleitet, skardet mot Krostølfjellet, og måtte ta eit valg om eg óg skulle få med meg Hjelmen. Eigentleg hadde eg hatt tid til det, men feiga ut fordi eg var aleine. Kursen vart derfor lagt opp lia mot Krostølfjellet, igjen med stadig finare utsikt. Oppunder og vestanfor toppen gjekk eg ut på eit utsiktspunkt og fekk flott overblikk over Krostøl og Nystøldalen. Herifrå var det kort veg til det vardelause toppunktet der det vart ny matpause; svært makelege 1 ¾ time etter ankomst på Åsliknuten.

Mot Stemvatnet og Nystøldalen
Mot Stemvatnet og Nystøldalen
I oppstigninga mot Krostølfjellet med tilbakeblikk mot Åsliknuten
I oppstigninga mot Krostølfjellet med tilbakeblikk mot Åsliknuten
Oppunder Krostølfjellet med overblikk over Sandvatnet
Oppunder Krostølfjellet med overblikk over Sandvatnet
Frå same staden mot Åsliknuten og Stemvatnet. Det er i alle fall fire slike vardar som markerer grensa mellom Hjelmeland og Forsand (nå Sandnes) mellom Bergeheia og her oppunder Krostølfjellet
Frå same staden mot Åsliknuten og Stemvatnet. Det er i alle fall fire slike vardar som markerer grensa mellom Hjelmeland og Forsand (nå Sandnes) mellom Bergeheia og her oppunder Krostølfjellet
Frå om lag same staden mot Svartatjødna og Krøys med sørryggen på Hjelmen i framgrunnen
Frå om lag same staden mot Svartatjødna og Krøys med sørryggen på Hjelmen i framgrunnen
Frå eit utsiktspunkt vest for toppen av Krostølfjellet med flott utsikt mot Krostøl og Nystøldalen
Frå eit utsiktspunkt vest for toppen av Krostølfjellet med flott utsikt mot Krostøl og Nystøldalen
Særeigen stein på Krostølfjellet
Særeigen stein på Krostølfjellet
På det vardelause toppunktet på Krostølfjellet
På det vardelause toppunktet på Krostølfjellet
Utsikt mot Krostøl og Nystøldalen med Tindafjellet i bakgrunnen
Utsikt mot Krostøl og Nystøldalen med Tindafjellet i bakgrunnen

Det vart eit fint nedrenn, og ei stund vurderte eg å gå opp på Veraheia att, men i staden kom eg på at eg ville gå over 687-toppen Draget og ta Sandvassgjuvet i nærare augesyn. Eg var heldig og kom meg trygt ned på ei snøfri hylle på stupkanten og kunne retteleg studera dette geologiske underet. Dei reknar med at Sandvassgjuvet vart forma på slutten av siste istida då enorme vassmassar pressa seg gjennom fjellet frå ein bredemt innsjø. Gjuvet er 7-800m langt, opptil 80m djupt og mellom 10 og 40m breitt. Det er vårt lokale jutulhogg, i si tid truleg forma i løpet av berre eit døgn!

Nedrenn frå Krostølfjellet med utsikt mot Sandvatnet
Nedrenn frå Krostølfjellet med utsikt mot Sandvatnet
På 687-toppen som er navngitt Draget
På 687-toppen som er navngitt Draget
Utsikt mot Kubbåsen og Bjørkegjuvskogen ovanom Folkehjelpshytta
Utsikt mot Kubbåsen og Bjørkegjuvskogen ovanom Folkehjelpshytta
Ved dramatiske Sandvassgjuvet
Ved dramatiske Sandvassgjuvet
Idyll ovanom Folkehjelpshytta
Idyll ovanom Folkehjelpshytta

Etter eit litt krongle nedrenn gjennom Bjørkegjuvskogen var eg tilbake ved bilen etter om lag 13 km, 600 hm og 4 ¾ timar på tur. Det var som nevnt litt folk å sjå, men svært lite anna liv denne flotte dagen, der eg aldri trengte å ta på hua eller ytterjakken.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.