Myklebustbreen på langs! Jostedalsbreen Jølst/Gloppen/ Stryn (21.03.2022)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Startpunkt | Fossheim (317m) |
---|---|
Tourcharakter | Tourenskilauf |
Tourlänge | 8h 26min |
Entfernung | 30,2km |
Höhenmeter | 1.929m |
GPS |
![]() ![]() |
Besteigungen | Myklebustbreen (1.709m) | 21.03.2022 |
---|---|---|
Punkt nord på Myklebustbreen (1.739m) | 21.03.2022 | |
Snønipa (1.826m) | 21.03.2022 | |
Besuche anderer PBE | Myklebustdalen parkering (308m) | 21.03.2022 |
Etter ei langvakts helg i ein veldig kjekk jobb i psykiatritenesta, var det ikkje fritt for at fokuset mitt på godeveret varte heile SOL søndagen på jobb! Eg prøvde sjølvsagt å tenke på alt anna, enn å trakke vilt rundt på tur i godveret etter dei ekstra fine høge opplevelsane som ein lengtar "bittelitt" etter innerst inne i sjela! Det kunne kjennast ut som om blodsukkeret var komt langt under skosålen! Kjekt med ein kollega, med ein "viss" forståelse...!! :) Det fantest ingen hindring, som kunne stoppe meg for å komme meg ut på tur i høgda på første fridag & på mandagen. Samtidig så setter eg umåtelig pris på denne kombinasjonen med å være på jobb, for så å nyte trening og friluftsliv på fritida. Det er eigentlig ei god likning på eit godt liv hos meg. Denne turen måtte være tidenes vårlege tur med fleire innslag av solnytelse og fotografering undervegs. Det er alltid stas å sjå innpå stortoppane i Hurrungane massivet. Og tid i sola var det til å sitte på topp punkta å studere fjella rundt, innpå Jostedalsbreen og heilt til havs. Ein klarversdag av dei sjeldne! Denne skituren kjendast ut som ein god gammaldags fin mai tur på breen. Har tenkt ei stund på å gå opp breen ifrå Fossheim/Sanddalen i Gloppen. Denne gangen vart spiren sådd i veka og meldingane skulle vise seg å halde ut som meldt med sol og mindre vind. Fantastisk :) Kjekt å tenke på at fleire kjenningar var på tur rett over på den andre sida av Jostedalsbreen denne dagen. Vi traff ingen på tur undervegs og ingen å skue heile dagen på Myklebustbreen. Kun eit fjellskispor til toppen av Snønipa med tur/retur ifrå vårt startutgangspunkt. Nye skispor var det også ifrå Haugadalen ilag med våre gamle ifrå tysdagen.
Dette vart ein dag som vart til undervegs...
Eit fjell som står høgt på turopplevelse i dette riket!
https://peakbook.org/tour/181004/Kvannefjellet+1712+-+Siste+100+Pf+J%C3%B8lster.html
Benutzerkommentare