Salen-toppar (19.03.2022)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 08min
Distance 10.6km
Vertical meters 840m
GPS
Ascents Nedre Salen (1,534m) 19.03.2022 15:34
Øvre Salen (1,588m) 19.03.2022 16:18
Øvre Salen nordøst (1,567m) 19.03.2022 16:33

Det var meldt lettare ver utpå dagen. Det freista med skitur, og slik blei det. Mildt ca. 3 pluss ved start 900 moh. God snø opp skogsområdet mot Synshaug. Vidare noko hardare, og til og med parti med blå-is innimellom. Fint å gå og betre snø innover, når eg var oppe nær 1400 moh. Lettkuppert bortover og over Kjerringtjørn. Fin utsikt mot Nedre Salen, absolutt ein fjelltopp. Fyrste bestigning dit. Tok av feller, og fekk ca. 600 lengde-meter renn nedatt på vatnet. Så bar det opp mot Øvre Salen. Denne toppen har få besøk, sidan den ligg bak rando-toppen nordaust for Øvre Salen. Feller av igjen i renn ned mot foten av siste topp. Rett opp her, og litt over. Så feller av, og berre kos og morro heilt nedatt. Mykje god snø i flanken under toppen, og i skogenes mot Nedre Smeddalsvatnet.

Suletinden. Det lysnar. Fyrste blå i dag.
Suletinden. Det lysnar. Fyrste blå i dag.
Øvre Salen nordaust. Passerer Rando-toppen.
Øvre Salen nordaust. Passerer Rando-toppen.
Nedres Salen. Min fyrstebestigning i dag.
Nedres Salen. Min fyrstebestigning i dag.
Øvre Salen nordaust.
Øvre Salen nordaust.
Frå Nedre Salen mot Øvre Salen.
Frå Nedre Salen mot Øvre Salen.
Øvre Salen.
Øvre Salen.
Frå Øvre Salen. Store Hånosi 1836 i midten.
Frå Øvre Salen. Store Hånosi 1836 i midten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.