Suletinden frå Maristova (03.03.2022)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Suletinden (1.780m) | 03.03.2022 13:49 |
---|
Spontan topptur med halv dag avspassering på jobb. Fekk med Anders og Yngve. Køyrde heilt øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Anders hadde gått i førevegen frå utkøyrsla framom Maristova, og fekk slik sett ein vesentleg lengre tur. Nydeleg sol, og det er lenge sidan. Mjuk fin snø fyrste 20 min, men vidare oppover mykje hard skare. Greitt å gå på det, med feller. Fantastisk å labbe oppover, og sjå det vanvittige fjellpanorama som opna seg. Lite dokumentasjon av hærlegheita, då batteri gikk raskt ned i dag, og på toppen vart det stopp for telefon. Fekk sporlogg av Polar-klokka, noko som var greitt. På retur kosa vi oss med rennet, sjølv om den fyrste delen hadde hardpakka snø og noko is. Litt anna rute nedatt. Anders følgde noko av returen, men ville ta rute litt som opp, sidan han hadde fjellski. Vel nede på 1300 moh. fann vi eit bekkefar. Her blei det eufori. Mjuk laussnø, sola beint i mot, og etter kvart brattare og smalare. Halfpipe-køyring ned til like før der bilen stod. Men Yngve meinte vi burde køyre laussnø i skogen like ned til Maristova. Og for ei reise. Litt tøft å følgje Yngve for ein vaksen kar som meg. Dvergbjørker susa forbi øyrene nedover. Kjempemoro, og vi enda til sist i gamle nedlagte storslalåmløypa, før vi straks var på tunet på Maristova. Tur opp 720 høgdemeter og tur ned 945 meter. Finfin opplevelse.
Benutzerkommentare