Krunefjell, Husaheia m.fl. på ski frå Målandsdalen (03.03.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (706m) 03.03.2022
Nord for Gamlestølstjørna (686m) 03.03.2022
Husaheia (745m) 03.03.2022
Krunefjell (723m) 03.03.2022
Prammafjellet (713m) 03.03.2022

Så fint som veret vart utover denne vinterferien, måtte eg ta ein spontan feriedag, og vegen vart endå ein gong lagt til Målandsheia. Det hadde ikkje vore folk oppover traktorvegen sidan eg var der sist, men derimot hadde det frose på slik at eg fekk ein lett oppgang på langfellene. Bare 50 min. etter avgang frå bilen var eg derfor oppe ved demninga i Sagåna, og her var det som venta flott sol, men óg ein kald vind frå søraust. Eg måtte på med ytterjakken, og den var på heile resten av turen. Det same var kortfellene som hang greit på skaren, og heldigvis var det fast og fint, og ikkje gjennomslagsføre.

Eg hadde ikkje hatt heilt klar plan for denne turen, men i alle fall tenkt å starta vestover mot Krunefjell. Turen gjekk derfor opp til Målandsvatnet og vidare sørover mot toppen av Bergeheia. Her fann eg ein grei nedgang like før toppen, og så gjekk det småkupert vestover til topps på fine Krunefjell for femte gang. Då hadde eg bare brukt 2 timar heilt frå bilen, som må vera brukbart sjølv om føret var raskt. Utsikten frå denne kremtoppen i slikt ver er heilt eineståande, og det passa godt med ein matbit i nokonlunde le. 3-4 kvitkledde ryper og like mange snøspurvar (!) gjorde scenen komplett.

Strålande sol over Målandsvatnet
Strålande sol over Målandsvatnet
På veg mot Bergeheia med tilbakeblikk mot Målandsvatnet under Prammafjellet
På veg mot Bergeheia med tilbakeblikk mot Målandsvatnet under Prammafjellet
På veg vestover Krunefjell med utsikt mot Salane
På veg vestover Krunefjell med utsikt mot Salane
På Krunefjell med utsikt vestover mot Reinaknuten
På Krunefjell med utsikt vestover mot Reinaknuten
Fornøgd på Krunefjell!
Fornøgd på Krunefjell!
Praktfull utsikt over Tysdalsheia. Reinaknuten, Ternefjell og Tibergfjell dominerer
Praktfull utsikt over Tysdalsheia. Reinaknuten, Ternefjell og Tibergfjell dominerer
Mot Forenesvatnet
Mot Forenesvatnet

På tilbaketuren mot Bergeheia tok eg ein fin avstikkar sør til eit lite toppunkt ovanom Forenesvatnet. Her fekk eg den første av to "andaktstunder" med ny utsikt denne dagen, og det var bare å ta inn alle sanseinntrykka med heile seg. Det var ikkje snakk om skiføre nede på vatna, der vårløysinga var i full gang. På Liarvatnet har det knapt vore trygg is i heile vinter, dette til stor forskjell frå i fjor.

Etter å ha vore oppom toppen av Bergeheia måtte eg velja nedfart mot neste mål, og det vart til at eg rann ned på Brogaheia og sette kursen for oppgangen mot Brogavatnet. I staden for å svinga sørover mot Vardhusheia, la eg vegen nordover mot Husaheia. Her fann eg ein fin oppgang med delvis ny utsikt, og 1 ¾ time etter at eg kom fram til den vesle varden på Krunefjell, stod eg ved den forseggjorde varden på Husaheia. Her vart det tid til endå ein matpause, framleis i flott sol, men óg litt mindre vind.

Første andaktstund for dagen. Frå eit toppunkt på Krunefjell med vakker utsikt over Forenesvatnet med Solknuten framfor Liarvatnet. Den dominerande toppen er Heiahodnet
Første andaktstund for dagen. Frå eit toppunkt på Krunefjell med vakker utsikt over Forenesvatnet med Solknuten framfor Liarvatnet. Den dominerande toppen er Heiahodnet
Frå same staden mot Vardhusheia og Longavatnet
Frå same staden mot Vardhusheia og Longavatnet
Mot Vardhusheia og Longavatnet
Mot Vardhusheia og Longavatnet
Mot Brogaheia
Mot Brogaheia
Ved utløpet av Brogavatnet
Ved utløpet av Brogavatnet
Ovanom utløpet av Brogavatnet med utsikt vestover
Ovanom utløpet av Brogavatnet med utsikt vestover
Dyrespor på Husaheia og utsikt mot Målandsheia
Dyrespor på Husaheia og utsikt mot Målandsheia
Nær toppen av Husaheia med utsikt austover Krøys der Krøysaheia dominerer
Nær toppen av Husaheia med utsikt austover Krøys der Krøysaheia dominerer
Den staselege varden på Husaheia med utsikt vestover mot toppane eg har vore på
Den staselege varden på Husaheia med utsikt vestover mot toppane eg har vore på

Frå Husaheia var det naturleg å følgja ryggen vidare nordover til topps på Prammafjellet, der det var mykje meir triveleg enn for to månader sidan. Ute på stupkanten her fekk eg den andre "andaktstunda" med ny utsikt denne dagen; ganske enkelt kjempeflott over Prammaleitet. Her stod eit svartkledd ravnepar for underhaldninga, i vårleg kurtise på den perfekte hekkeplassen i bratthenget.

Fint fargespel i alt det kvite på Husaheia og utsikt mot Salane
Fint fargespel i alt det kvite på Husaheia og utsikt mot Salane
På veg mot Prammafjellet
På veg mot Prammafjellet
Mot den vesle toppvarden på Prammafjellet
Mot den vesle toppvarden på Prammafjellet
Husaheia sett frå Prammafjellet
Husaheia sett frå Prammafjellet
Andre andaktstund for dagen. Frå stupkanten på Prammafjellet med utsikt mot Prammaleitet med Middagsåsen
Andre andaktstund for dagen. Frå stupkanten på Prammafjellet med utsikt mot Prammaleitet med Middagsåsen
Frå om lag same staden mot utløpet av Målandsvatnet og den velkjende topprekka vestanfor
Frå om lag same staden mot utløpet av Målandsvatnet og den velkjende topprekka vestanfor

Frå Prammafjellet måtte eg endå ein gong velja nedfart, og den gjekk beint aust til Gamlestølstjødna. Det kjendest for tidleg å gje seg, så det vart til at eg kleiv opp på den vesle 686-toppen nord for tjødna. Herifrå må det bli fottur nordover ryggen til endes på Hølefjellet ein gang, men nå var det tid for vendereis. Den gjekk ganske oppskriftsmessig ned til traktorvegen i Kvelven og tilbake til demninga i Sagåna. Her vart det delvis gange og delvis nedrenn med kortfeller tilbake til bilen ved Rv. 13. Til saman 17,5 km, 950 hm og 6 timar på framifrå "påsketur" på grensa mellom Jørpelandsheia og Krøys.

Liten varde på 686-toppen nord for Gamlestølstjødna
Liten varde på 686-toppen nord for Gamlestølstjødna
Frå den same toppen med utsikt nordover i retning Hølefjellet. Frå toppunktet på bildet er det 6-700m til endes på ryggen
Frå den same toppen med utsikt nordover i retning Hølefjellet. Frå toppunktet på bildet er det 6-700m til endes på ryggen
Mot ryggen som endar i Hølefjellet til venstre
Mot ryggen som endar i Hølefjellet til venstre

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.