Forsøk på Middagsåsen på ski frå Målandsdalen (26.02.2022)
Skrevet av Kaare_70
Dette vart endå ein skitur til Målandsheia, men vermeldinga som lova sol og vind endra seg til overskya og vind, endåtil med litt nedbør. Vel oppe ved demninga i Sagåna var det såpass surt at eg valde å ta ein matpause og venta til snøbyga var over. Utan slalåmbriller var det ikkje triveleg å gå sørover med fokk beint imot.
Hovudmålet med turen var den lite prangande Middagsåsen som i alle fall må vera ein fin utsiktstopp, og så kanskje ein runde rundt Salane og tilbake om Grautabotn. Då byga var over, rann eg i fin og djup nysnø frå Prammaleitet nedover mot oppgangen til toppen. Det var småkupert, men så mykje snø at eg kom meg fram over alt; retteleg flotte forhold og endåtil i brukbart le.
Eg hadde studert kartet og på førehand kome fram til at den relativt bratte toppen burde tas frå sørvest, men så vart eg frista til å gå opp i skardet på austsida og prøva derifrå. Etter å ha lagt frå meg skia i skardet, bar det i djup snø tungt, men nokonlunde greit oppover til eg stod under den 2-3m høge topphammaren. Denne var både snø- og isdekt, og etter sondering ei heil stund, måtte eg innsjå at det vart rådlaust å koma opp slik forholda var.
Eg hadde brukt såpass mykje krefter på dette at eg valde å ikkje prøva meg frå sørvest; eg får heller koma att til dette interessante terrenget på sommarføre. I staden returnerte eg i spora mine opp til Prammaleitet og vidare mot Målandsvatnet. Kortfellene må ha blitt fuktige i oppstigninga, for då eg kom opp i tørrare snø, klabba det og vart ganske tungt. Med den sure motvinden i tillegg vart det vendereis med fint nedrenn utan feller til demninga. Den bratte traktorvegen rann eg ned med langfeller, så det gjekk kontrollert unna, men på rekordtid.
Tilbake ved Rv. 13 etter om lag 10 km, 600 hm og litt over 3 timar på tur. Så får eg takka den som hadde trødd trugespor dagen før og som gjorde stigninga lettare for meg. Tre kvitkledde ryper var alt eg såg av liv, dessutan spor av i alle fall hare og rev.
Kommentarer