Vardhusheia, Bergeheia og Salane på ski frå Målandsdalen (11.02.2022)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Bergeheia (706moh) | 11.02.2022 |
---|---|---|
Salane (658moh) | 11.02.2022 | |
Vardhusheia (761moh) | 11.02.2022 | |
Andre besøkte PBE'er | Brogaheia våpenkonteinere (645moh) | 11.02.2022 |
Etter ein uvanleg sur og grå start på 2022 var det endeleg meldt ein halv dags flott vervindu denne fredagen, og eg bare måtte nytta høvet og ta fri frå jobben. Det låg nemleg óg an til skiføre på Målandsheia att etter ein periode med mildver. Turen vart derfor lagd opp traktorvegen frå Boremyr på lovande snøføre, og etter snaut 50 min. gange på kortfeller var eg oppe ved den nye demninga i Sagåna. Snøforholda her oppe var over all forventning, og nesten like fine som i fjor vinter. Brått opna det seg derfor mulighet for langtur, kanskje heilt til Vardhusheia att!
Det var ikkje spor etter anna enn dyr så langt, men eg hadde sett far etter både hjort, rådyr og truleg rev, i tillegg til at eg skremde opp ei kvitkledd lirype. Eg la vegen over brua nedanfor demninga og vidare opp i sola ved Prammaleitet. Snøen var heilt perfekt, kanskje ein halv meter som bar godt og dekka det meste, og med nokre cm styresnø øverst. Etter vekevis utan solgløtt var det reint himmelsk å kjenna dei varmande strålene i ansiktet!
Oppe ved Målandsvatnet var det ope i utløpet og ikkje sikker is, så eg runda vatnet på vestsida. Avgjerda om å gå på Vardhusheia var alt teken, så vegen vart lagd rett sørover Brogaheia og den etter kvart så kjende vegen til topps. Det var så fint å gå at eg ikkje trong vindtett ytterjakke, men likevel eit kjølig drag frå nord. På kremtoppen for sjuande gang måtte eg óg utom stupkanten og nyta synet, etter mi meining den finaste utsikten i heile Jørpelandsheia.
Som venta var det ikkje skikkeleg vinter nedover langs Jørpelandsvassdraget. Ingen av vatna var heilt isdekte, og etter det eg kunne sjå var Liarvatnet ganske ope i Grimsli. Kanskje ikkje så rart på bare 300moh, men endåtil Krokavatnet i Krøys på 600moh var delvis ope, som nok er sjeldan medio februar.

Returen gjekk same vegen ned att til Brogaheia, og nå tenkte eg at det ville høva godt å kopiera den fine turen min frå i fjor med avslutning over Bergeheia og Salane. Men først svingte eg oppom gøymestaden for våpencontainerane etter flysleppet her i november 1944. Eg var spent på om alt var skjult av snøen, noko GPSen viste; då med unntak av eit rusta jernstag som stakk så vidt opp or snøen, og samstundes beviste at eg var på rett stad.
Det var djup snø her under Bergeheia, og eg runda tilbake og opp på den fine utsiktstoppen for ein matpause. Som på Vardhusheia var det derimot isete og avblåst på sjølve toppryggen her. Men som tenkt, følgte eg ryggen nordover og ned til fine snøforhold att i Salaskardet og vidare til topps på Salane. Her gjekk eg litt ned i nordsida av toppen og fekk fin utsikt over Sallia med Såta og Middagsåsen der eg kom opp frå Tysdal for eit par veker sidan.

Frå Salane rann eg ned mot utløpet av Målandsvatnet der eg måtte nyta stunda litt før retur ned traktorvegen til bilen ved Rv. 13. Til ei forandring var det så god styresnø at eg greidde å renna ned store deler av den bratte vegen, då med litt bremsehjelp av kortfellene. Dei hadde vore på heile turen, med unntak av nedrennet frå Salane til demninga. Endå ein framifrå tur frå Boremyr var dermed i mål, den tiande for min del. Fasit vart om lag 17 km, 800 hm og litt over 5 timar på tur, og då eg kom til Jørpeland lukka sanneleg vervinduet seg akkurat som meldt!
Benutzerkommentare