Såta frå Tysdal (26.01.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Såta (425m) 26.01.2022

Fin gråverstur denne januardagen, der det vesle som var av snø for eit par veker sidan, var borte. Gjekk frå garden i Tysdal over flaumstore Grautåna og bratt opp mot Sallia mellom Såta og Nedre Daurmålsknuten. Det går eit tråkk her som nok har vore ein av vegane til fjells opp gjennom tidene, men det fann eg ikkje før eg var mest oppe av det brattaste partiet. Held ein seg til venstre for bekken frå Prammaleitet, kjem ein seg uansett greit opp.

Vel oppe i Sallia under Såta holdt eg mot venstre opp i skardet aust for toppen. Her bratna det til, og det vart nokre vegval, men ikkje verre enn at eg kom meg opp på det litt sleipe føret. Litt kvitt i form av hagl som hadde blitt liggande, kom eg ikkje borti før oppunder toppen. Her oppe på 425moh var det heldigvis framleis god sikt, men skydekket lurte stadig over dei høgare toppane.

Flott og urørd natur i Sallia under Såta, med bekken frå Prammaleitet såvidt synleg
Flott og urørd natur i Sallia under Såta, med bekken frå Prammaleitet såvidt synleg
I bratt oppstigning mot Såta med utsikt mot Salane
I bratt oppstigning mot Såta med utsikt mot Salane
Frå oppunder toppen av Såta mot Størnafjellet og Rv. 13 i Målandsdalen
Frå oppunder toppen av Såta mot Størnafjellet og Rv. 13 i Målandsdalen

Som venta var det framifrå utsikt frå Såta, eksponert som ho er nesten midt i dalen, og ikkje minst frå det vestlege toppunktet. Her i toppområdet hadde enten elg eller hjort sett spor etter seg, for det var tydeleg gnag på fleire greiner. På veg ned i skardet att var eg heldig og fekk sjå ei vaksen kongeørn i majestetisk svev over Sallia, som ei understreking av at området er lite besøkt og ennå urørd.

På toppen av Såta
På toppen av Såta
Mot Øvre- og Nedre Daurmålsknuten og den utruleg skjemmande traktorvegen opp til Tysdalsheia
Mot Øvre- og Nedre Daurmålsknuten og den utruleg skjemmande traktorvegen opp til Tysdalsheia
Frå det vestraste toppunktet på Såta med flott utsikt over Tysdal med vatnet
Frå det vestraste toppunktet på Såta med flott utsikt over Tysdal med vatnet
Frå same staden med tilbakeblikk mot hovudtoppen, som nesten går i eitt med den snaut 100m høgare Middagsåsen bakerst
Frå same staden med tilbakeblikk mot hovudtoppen, som nesten går i eitt med den snaut 100m høgare Middagsåsen bakerst

Returen gjekk stort sett langs same trase ned til Tysdal, der eg var tilbake ved bilen etter temmeleg nøyaktig 2 timar på tur.

Mot Tysdal med Kvalåsen og vatnet
Mot Tysdal med Kvalåsen og vatnet
Er han venn eller fiende?
Er han venn eller fiende?

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.