Såta frå Tysdal (26.01.2022)
Written by Kaare_70
Ascents | Såta (425m) | 26.01.2022 |
---|
Fin gråverstur denne januardagen, der det vesle som var av snø for eit par veker sidan, var borte. Gjekk frå garden i Tysdal over flaumstore Grautåna og bratt opp mot Sallia mellom Såta og Nedre Daurmålsknuten. Det går eit tråkk her som nok har vore ein av vegane til fjells opp gjennom tidene, men det fann eg ikkje før eg var mest oppe av det brattaste partiet. Held ein seg til venstre for bekken frå Prammaleitet, kjem ein seg uansett greit opp.
Vel oppe i Sallia under Såta holdt eg mot venstre opp i skardet aust for toppen. Her bratna det til, og det vart nokre vegval, men ikkje verre enn at eg kom meg opp på det litt sleipe føret. Litt kvitt i form av hagl som hadde blitt liggande, kom eg ikkje borti før oppunder toppen. Her oppe på 425moh var det heldigvis framleis god sikt, men skydekket lurte stadig over dei høgare toppane.
Som venta var det framifrå utsikt frå Såta, eksponert som ho er nesten midt i dalen, og ikkje minst frå det vestlege toppunktet. Her i toppområdet hadde enten elg eller hjort sett spor etter seg, for det var tydeleg gnag på fleire greiner. På veg ned i skardet att var eg heldig og fekk sjå ei vaksen kongeørn i majestetisk svev over Sallia, som ei understreking av at området er lite besøkt og ennå urørd.
Returen gjekk stort sett langs same trase ned til Tysdal, der eg var tilbake ved bilen etter temmeleg nøyaktig 2 timar på tur.
User comments