Strengen (09.01.2022)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 38min
Distance 11.8km
Vertical meters 1,334m
GPS
Ascents Strengen (890m) 09.01.2022

Finværet held fram gjennom helga, og søndagen var heller ikkje ein dag for å sitte inne. Dårleg oppslutning frå turfølgjet i dag, så da bar det ut på einmannshand nede frå Vang rundt klokka 10, medan dei første solstrålane allereie hadde krype godt nedover sørsida av Strengens topp.

Jamn marsj opp til Klåberget, kor sola faktisk varma litt, og det blei litt reduksjon av bekledning. Herifrå opp til toppen av Strengen, og enda meir vind enn i går. Nedkøyring etter same oppskrift som dagen før - litt austover på toppen og ned første åpning. Stopp på Klåberget og opp att ein tur til, denne gongen med nedfart rett aust for "normalvegen". Etter kvart mykje folk ute på veg både opp og ned. Fantastisk flott føre der det var urørt snø å finne, og nede ved Klåberget for andre gong bars det opp att ein tur til. Dagens tredje besøk ved toppvarden, og denne gongen på ski heilt ned att til bilen. Nok ein flott dag i friluft, og kanskje den siste på ei stund, da det er heilt andre vermeldingar som skal settast til livs i vekene som kjem.
Flott skue frå Strengens varde på dagar som denne.
Flott skue frå Strengens varde på dagar som denne.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.