Luster: Rundtur frå Røssesete (07.10.2012)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Røssesete (800m)
Endpoint Røssesete (800m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 24.6km
Vertical meters 1,640m
Map
Ascents Fivlenosi (1,466m) 07.10.2012
Grånosi (1,355m) 07.10.2012
Jagershaugen (1,392m) 07.10.2012
Vorfjellet (1,210m) 07.10.2012
Vågsberget (1,266m) 07.10.2012

Vi starta turen på Røssesete ca 800 moh. På vei opp hit kjøyrde vi forbi Harastølen, ein forferdeleg plass. Totalt forfall, med varslar om politi osv spraya på veggane. Men omvisning var muleg om ein ringde eit nr, det frista definitivt ikkje. Veien oppover var så som så men vi såg vanlege bilar som kjøyrde opp. Frå Røssesete fulgte vi stien oppover mot Hellesetvatnet. 6 stk var på tur foran oss, men dei såg vi aldri igjen. Rett før vatnet tok vi bratt opp til Jagershaugen. Surt og vindfullt på toppen, kort stopp drikke og ein banan. Lise tok fram nymotens orienteringsverktøy og gjekk mot Fivlenosi. Då vi kom dit letta det og resten av turen hadde vi brukbar sikt.

Surt på Fivlenosi 1466
Surt på Fivlenosi 1466

Frå Fivlenosi rett vestover ca 3 km til Vågsberget. Fint skiføre eit stykke her om ein hadde hatt ski. Etter Vågsberget kom vi inn på stien som går sørover til Heggedalsvatnet. Vi satte igjen sekkar ved vatnet og gjekk til Vorfjellet. Tilbake ved vatnet var klokka alt blitt 1700, og vi måtte sette opp farten. Gjekk heile ryggen nordom Svartavatnet og kom opp på Grånosi frå nord. Det var no begynt å skymest og vi berre osa vidare. Småkupert og snø gjorde det vanskeleg å gå vidare. Kursen var ryggen søraustover retning Røssesete. Ankom bilen i tide, ikkje mykje meir dagslys no. Planen om Grånosene 1137 la vi til side, den får stå i fred for oss så lenge. Vi kjøyrde kjappt forbi Harastølen, den jævligaste plassen eg har sett i Sogn og Fjordane. Følte augo i nakken frå vaktmesterboligen. For ein spøkelsesliknande stad!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.