Småtoppar og Prammafjellet på ski frå Målandsdalen (08.01.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Døldaråsen (385m) 08.01.2022
Kvalåsen (123m) 08.01.2022
Prammafjellet (713m) 08.01.2022
Visits of other PBEs Minnesmerke Austre Målandsstøl (650m) 08.01.2022

Etter vermeldinga den siste tida å døma skulle det kunna vera skiføre på Målandsheia, og turen gjekk derfor til Målandsdalen med både fjellsko, truger og ski. Dagen starta såpass grå at eg først tok ein kjapp sving oppom vesle Kvalåsen frå Tysdal før eg kjørte vidare opp til Boremyr. Her pakka eg sekken med både truger og ski for alle føreforhold og fann traktorvegen oppover mot Prammaleitet. Ved vegdelet på snaut 250moh la eg att skia og sekken og tok til venstre i retning Døldaråsen. Ved vegs ende busha eg stilaust mot toppen og kom etter kvart inn på ein svak sti i retning toppområdet. Her var det som venta trekledd, men likevel brukbar utsikt, og som på Kvalåsen var høgste punkt på ei stor flyttblokk.

På toppen av Kvalåsen med Bjørheimskjeften som bakteppe
På toppen av Kvalåsen med Bjørheimskjeften som bakteppe
På veg mot Døldaråsen med høgreiste Hølefjellet midt imot
På veg mot Døldaråsen med høgreiste Hølefjellet midt imot
På Døldaråsen med utsikt mot Tysdal
På Døldaråsen med utsikt mot Tysdal
Mot Hølefjellet og Prammafjellet der eg tenker meg opp traktorvegen til Prammaleitet
Mot Hølefjellet og Prammafjellet der eg tenker meg opp traktorvegen til Prammaleitet

Vel nede ved utstyret att følgte eg traktorvegen vidare mot Prammaleitet, først på beina og etter kvart som snøen vart djupare, på ski. Ein bil hadde vore oppe ved den nye demninga i Sagåna for ein dag eller to sidan, men det var likevel tungt å trø spor i nysnøen. Som venta var det litt snaut med snø ved demninga, og eg følgte derfor vegen vidare i retning Austre Målandsstøl.

Det hadde vore lysning i veret, men her oppe på høgheia var det grått, vindfullt og lett snødrev. Det var og som venta stadvis avblåst og snøfenner, og ikkje forhold for langtur. Men eg tok som tenkt retning mot toppen av Prammafjellet der det var brukbar sikt frå den vesle varden. Så svingte eg nedom Austre Målandsstøl og minnesmerket frå flysleppa her på Tjødnadals- og Beinheia under krigen.

På Prammafjellet i lett snødrev
På Prammafjellet i lett snødrev
Lysning over Krøys medan snøfluksene driv beint imot
Lysning over Krøys medan snøfluksene driv beint imot
Mot Husaheia og Vardhusheia med Brogaheia nedanfor
Mot Husaheia og Vardhusheia med Brogaheia nedanfor
Vintraleg ved Austre Målandsstøl
Vintraleg ved Austre Målandsstøl
Solgløtt, men mørk himmel over Gamlestølstjødna
Solgløtt, men mørk himmel over Gamlestølstjødna
Minnesmerket ved Austre Målandsstøl over flysleppa på Tjødnadals- og Beinheia vinteren 1944/45
Minnesmerket ved Austre Målandsstøl over flysleppa på Tjødnadals- og Beinheia vinteren 1944/45

Her vart det vendereis ned til traktorvegen, så bortom demninga i Sagåna på ski før eg gjekk på beina ned dei brattaste partia av vegen. Tilbake ved Rv. 13 etter om lag 12,5 km, 750hm og 4 ¼ timar på tur. Det var ikkje dyreliv å sjå, men i alle fall det som truleg var revespor.

Utsikt mot Hølefjellet med Døldaråsen like nedanfor og heilt ned til Boremyr der eg kom ifrå
Utsikt mot Hølefjellet med Døldaråsen like nedanfor og heilt ned til Boremyr der eg kom ifrå
Det nye inntaket i Sagåna
Det nye inntaket i Sagåna

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.