Gjugra i godt selskap og superføre (29.12.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Hornindal skisenter
Duration 0h 1min
Map
Ascents Høgenibba (1,192m) 29.12.2021 17:57
Gjugra (1,294m) 29.12.2021 17:57
Visits of other PBEs Engebø vinter p-plass (350m) 29.12.2021 17:57

Teama opp med Kjartan, Henrik og Pål Uglefisk for skitur i dag. Det som i utgangspunktet var ein dag med litt lave forhåpningar til føret vart ein skikkelig knalldag. Rykta gikk om god snø på Høgenibba, så då drog vi dit.

Skikkelig folkefest og overbelastning av mobilnettet og instagramservarane opp bakkane mot Høgenibba. Føret var det heller ingenting å seie på.

To i følget hadde sjølvsagt baktankar om den raude nabonåla også, og då vi kom på toppen var dei to andre lette å be. Fint og lettgått mot Gjugra, som er ein mykje flottare topp på alle vis enn Høgenibba. Her grov vi ein snøprofil og diskuterte litt medan Pål lufta dronen sin litt.

På Gjugra fikk vi heile Sunnmørsalpane i fleisen - bada i rosa desemberlys. Kvifor budde eg i byen igjen? Så dårlig hukommelse....

Deretter nydelig køyring heile vegen ned til storesætra, og staking tilbake til parkeringa.

Flotte bilder på Pål sin rapport.

Takk for turen!

User comments

  • -
    avatar

    Så bra!

    Written by ligroenb 29.12.2021 22:15

    at du kom deg på skitur og fant fin snø :-) og sammen med en annen Lotser, det er jo kjekt!

    • -
      avatar

      Sv: Så bra!

      Written by kobbenes 30.12.2021 09:16

      etter intens instagram-overvåking såg vi flotte svingar på høgenibba. det vart over all forventning - ein skikkelig knalldag. som sjølvsagt vart enda bedre med lotsk selskap :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.