Stemknuten frå Målandsdalen (27.12.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Stemknuten (521m) 27.12.2021

Frå parkeringa øvst i Målandsdalen går det som kjent traktorveg til Tjødnadalsheia og Krøys, men også til Stemtjødna ytterst i Nystøldalen. Dei siste åra har Tverråna frå Nystøltjødna vore nytta til kraftproduksjon, og vegen har derfor relativt høg standard, om enn svært bratt opp langs Tverråjuvet. Det var denne eg følgte om lag 3 km frå Rv. 13 til Stemtjødna før eg busha enkelt til topps på Stemknuten like nord for tjødna.

Traktorvegen bratnar skikkeleg til langs den tørrlagde Tverråna
Traktorvegen bratnar skikkeleg til langs den tørrlagde Tverråna
Stemknuten sett frå ein av svingane på traktorvegen
Stemknuten sett frå ein av svingane på traktorvegen

Denne dagen etter ei strålande julehelg var det eit tynt lag snø og fine sporforhold, men óg veromslag med kraftig vind i høgda. Eg såg spor av både hare, rev, rådyr og det som kan ha vore hjort eller elg. I tillegg såg eg ein flokk yndige stjertmeiser og skremde opp to svartkledde skogsfuglar, enten tiurar eller orrhanar; i farten klarte eg ikkje å artsbestemma dei.

Frå fortoppen med utsikt mot Stemtjødna og Nystøldalen med Tindafjellet og Hjelmen. Det bles slik i høgda at det er vanskeleg å stå oppreist
Frå fortoppen med utsikt mot Stemtjødna og Nystøldalen med Tindafjellet og Hjelmen. Det bles slik i høgda at det er vanskeleg å stå oppreist
Frå same staden mot Skorpeheia i sørvest
Frå same staden mot Skorpeheia i sørvest
På toppen av Stemknuten med utsikt innover Nystøldalen. I tillegg til Tindafjellet og Hjelmen ser me óg langstrakte Risåsknuten og Veraheia
På toppen av Stemknuten med utsikt innover Nystøldalen. I tillegg til Tindafjellet og Hjelmen ser me óg langstrakte Risåsknuten og Veraheia
Frå same staden mot Årdal med Øvre Tysdalsvatnet
Frå same staden mot Årdal med Øvre Tysdalsvatnet

Etter å ha nytt den flotte utsikten både mot Nystøldalen og Årdal kom eg meg ned til Stemtjødna og litt rolegare vindforhold. Den opprinnelege planen om å gå opp Stølsskardet til Skorpeheia var alt skrinlagt pga. den kraftige viden i høgda. I staden valde eg å gå forbi tjødna og eit stykke sørover høgdedraget, slik at eg fekk flott utsikt innover Nystøldalen. Ingen tvil om at dette må vera utgangspunkt for ein langtur gjennom heile den flotte Nystøldalen neste år!

Ved Stemtjødna mot Tindafjellet, kor det bles og føykar
Ved Stemtjødna mot Tindafjellet, kor det bles og føykar
Eit stykke innanfor Stemtjødna med flott utsikt innover Nystøldalen
Eit stykke innanfor Stemtjødna med flott utsikt innover Nystøldalen
Frå om lag same staden med tilbakeblikk mot Stemtjødna og -knuten
Frå om lag same staden med tilbakeblikk mot Stemtjødna og -knuten

Men slik forholda var, vart det vendereis same vegen som eg kom. Til saman om lag 8 km, 400 hm og 1 time 50 min. på tur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.