Førlandsåsen - eller -nuten, om du vil! (29.08.2020)

Written by Augustusogmegpaatur

Map
Ascents Førlandsnuten (525m) 29.08.2020

Førlandsåsen - eller Førlandsnuten som det står i kartet (kjært barn har visst mange namn) - var den fyrste toppen eg gjekk til i området rundt Jørpeland. Eg var ikkje så kjent, så eg valde fyrste, men kanskje ikkje beste, vegen opp til toppen frå Kraftstasjonen. Bratt var det i alle fall oppover, og når hunden fekk det for seg å følgje eit anna spor og dermed leidde meg inn i ura, blei det ikkje lettare akkurat. Men me fann stien igjen og kom oss vel til topps. Og for ei utsikt frå toppen, men òg undervegs oppover. Å ta pustepauser oppover gjorde liksom ikkje så masse når ein kunne kvila auga på bygda og fjorden låg under. Storslått rett og slett!
Me valde å ikkje gå same, bratte veg nedover. I staden følgde me dei raude merkene vidare innover slik at me kom ned ved Storåfoss. Der gjekk me over brua og følgde grusvegen forbi Selemork og tilbake til Kraftstasjonen. Rett og slett ein kanonflott tur som eg verkeleg anbefaler!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.