7-nutsturen 2020 (17.09.2020)

Written by Augustusogmegpaatur

Map
Ascents Dalsnuten (323m) 17.09.2020
Øvre Eikenuten (239m) 17.09.2020
Fjogstadnuten (293m) 17.09.2020
Jødestadfjellet (323m) 17.09.2020
Lifjellet (287m) 17.09.2020
Skjørestadfjellet (343m) 17.09.2020
Sørafjellet (301m) 17.09.2020
Sør for Sørafjellet (300m) 17.09.2020

7-nutsturen i Sandnes er ei verkeleg flott oppleving! i 2020 gjekk SFT vekk i frå å arrangere turen på éin dag, og heller gjere det meir korona-vennleg. Me delte opp turen i to: Ein torsdagskveld i midten av september gjekk med til Øvre Eikenuten, Dalsnuten og Fjogstadnuten frå Gramstad. Ein perfekt kveldstur på eit par små timar!
Resten tok me seinare på hausten, siste laurdag i oktober. Då starta me frå Dale og gjekk langs sjøen og opp til Lifjell fyrst, før me tok dei siste tre toppane: Sørafjellet, Kjerdalsfjellet og Skjørestadfjellet. Så seint på hausten var det rimeleg vått og sleipt, så me brukte store delar av dagen. Men for ein tur, altså!
Løypekartet finn du på ut.no om du søker opp "7-nutsturen" der. God tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.