Fjellrekka Haganes-Bildøybakken (21.11.2021)
Skrevet av ilyslo
Bestigninger | Bildøybakken (220moh) | 21.11.2021 11:59 |
---|---|---|
Haganesfjellet (232moh) | 21.11.2021 13:19 | |
Høgafjellet Nord (299moh) | 21.11.2021 13:39 | |
Liatårnet (341moh) | 21.11.2021 14:04 | |
Pyttane søndre (330moh) | 21.11.2021 14:25 | |
Vardafjell (231moh) | 21.11.2021 15:05 | |
Andre besøkte PBE'er | Høgafjellet Sør (300moh) | 21.11.2021 13:33 |
Litt logistikk måtte til her. Kristin skyssa meg til snuplassen på Haganes og skulle plukke meg opp i Bildøybakken seinare. Turen gikk først eit lite stykke sørover langs svak sti frå snuplassen med ein del småklyving på stien rundt neset for å kome opp på denne markante og karakteristiske fjellformasjonen nordover, som også er eit ynda klatreeldorado. Klyvestien eg følgde er kanskje opparbeidd av klatrarar som ei alternativ rute. Den følger hyller og klyvepunkt, med spesielt eitt litt kinkig punkt der ein må vere forsiktig og finne et riktig fottak. Dette punktet dukker opp i det stien går ut av skogen og opp på første hylle, omkring 10-15 min etter turstart. Stien er forholdsvis grei å finne om ein er litt oppmerksom. Over skogen følger stien ganske konsekvent mot dei mest eksponerte partia, og vanskane løyser seg fint opp i morsom og enkel klyving. Turen vidare til Haganesfjellet er tidvis både eksponert og luftig med utsikt mot aust og vest, trass den ganske lave høgda.
Frå Haganesfjellet er stien vidare godt merka, men pass på å holde vardinga mot venstre for ikkje å havne i retning Li. Vidare men ein ta nokre små avstikkarar frå stien dersom ein vil få med seg alle toppane på turen vidare til Bildøybakken.
Møtte ein del folk på toppen av Haganesfjellet og Liatårnet, og det var tydeleg i dag at området i frå Liatårnet til Bildøybakken var klart mest folksomt.
Flott tur i sola. Anbefalast dersom ein kan ordne seg med to bilar eller på annan måte. Å gå frå sør mot nord er kanskje smart dersom ein vil få med seg den fine oppgangen i sør.
- Trackingen slo seg litt vrang ved Haganesfjellet, og viser ei rett linje der eg tok stien mot aust og nordover over Haganesfjellet før stien dreide mot vest igjen og tok igjen tracket.
Kommentarer
Interessant variant
Skrevet av Stigun 22.11.2021 18:26for de spreke! Bra utnyttelse av en sjeldent(denne høsten) fin novembersøndag!