Fulgte skogsveg ca 5 km vestover mot Nystaul. Bommen stod åpen, men tok ikkje sjansen på å kjøre inn. Denne vegen har god standard og velegna for sykling, men valgte å gå sidan eg skulle over Fjesliknatten på returen. Frå Nystaul er det ein rusjen skogsveg så eg fulgte forbi eit hogstfelt opp mot Holmevatnet. Vidare i skog- og heiterreng opp den bratte nordaustsida til Brakandalsfjellet.
Retur ned igjen i nordaustsida og haldt litt vest og nord for Holmevatnet, og vidare austover i relativt åpent skogsterreng til Fjesliknatten. Fleire jamnhøge knauser på topplatået der, mens det er trigpunkt på eit utsiktspunkt litt lenger aust. Gjekk ned via Baklistaulen til eg kom ned på skogsveg så eg fulgte dei siste snaut 3 km tilbake til utgangspunktet. Då var bommen låst.
User comments