Brakandalsfjellet og Fjesliknatten (17.10.2021)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Fv 3326 sør for Homflå (170moh)
Sluttsted Fv 3326 sør for Homflå (170moh)
Turtype Fottur
Turlengde 7t 45min
Kart
Bestigninger Brakandalsfjellet (946moh) 17.10.2021
Fjesliknatten (731moh) 17.10.2021

Fulgte skogsveg ca 5 km vestover mot Nystaul. Bommen stod åpen, men tok ikkje sjansen på å kjøre inn. Denne vegen har god standard og velegna for sykling, men valgte å gå sidan eg skulle over Fjesliknatten på returen. Frå Nystaul er det ein rusjen skogsveg så eg fulgte forbi eit hogstfelt opp mot Holmevatnet. Vidare i skog- og heiterreng opp den bratte nordaustsida til Brakandalsfjellet.
Retur ned igjen i nordaustsida og haldt litt vest og nord for Holmevatnet, og vidare austover i relativt åpent skogsterreng til Fjesliknatten. Fleire jamnhøge knauser på topplatået der, mens det er trigpunkt på eit utsiktspunkt litt lenger aust. Gjekk ned via Baklistaulen til eg kom ned på skogsveg så eg fulgte dei siste snaut 3 km tilbake til utgangspunktet. Då var bommen låst.

Skogsveg til Nystøyl. Skilt med trussel om stenging. Fjesliknatten i bakgrunnen.
Skogsveg til Nystøyl. Skilt med trussel om stenging. Fjesliknatten i bakgrunnen.
Grusveg går over til dårligare skogsveg litt vest for Nystaul.
Grusveg går over til dårligare skogsveg litt vest for Nystaul.
Nystaul og Nystaultjønni 446 moh
Nystaul og Nystaultjønni 446 moh
Holmevatnet 530 moh med Brakandalsfjellet t.v.
Holmevatnet 530 moh med Brakandalsfjellet t.v.
Austlig fortopp med trigpunkt/ jernbolt. Topplatået på Brakandalsfjellet i bakgrunnen.
Austlig fortopp med trigpunkt/ jernbolt. Topplatået på Brakandalsfjellet i bakgrunnen.
Trigpunkt/ jernbolt på toppen av Brakandalsfjellet. Brokefjell 1074 moh i bakgrunnen.
Trigpunkt/ jernbolt på toppen av Brakandalsfjellet. Brokefjell 1074 moh i bakgrunnen.
Varden står nokre meter frå jernbolten litt foran t.h.
Varden står nokre meter frå jernbolten litt foran t.h.
Nordover der litt av Gaustatoppen 1883 moh ses litt t.v. for varden.
Nordover der litt av Gaustatoppen 1883 moh ses litt t.v. for varden.
Zoom NV mot snødekte topper i Ryfylke/ Haukelifjell i det fjerne.
Zoom NV mot snødekte topper i Ryfylke/ Haukelifjell i det fjerne.
Zoom nord mot Gaustatoppen som såvidt har kvit toppegg.
Zoom nord mot Gaustatoppen som såvidt har kvit toppegg.
Mange småtjødner oppe på Brakandalsfjellet. Issnerk på dei miste tjødnane.
Mange småtjødner oppe på Brakandalsfjellet. Issnerk på dei miste tjødnane.
Topplatået på Fjesliknatten etter at sola har gått ned bak Brakandalsfjellet.
Topplatået på Fjesliknatten etter at sola har gått ned bak Brakandalsfjellet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.